Hopp til innhold
X
Innhald

Handels og industrieventyret på Nessane

Utviklinga av industri- og handelsverksemda til Erling Nesse A/S på Nessane er kan hende ei av dei mest spesielle i heile landet. Firmaet bygde på 1950- og 1960-talet opp ei av dei største forretningskjedene i Noreg for jernvarer og landbruksmaskiner, og dreiv stor importforretning.

Og heile tida vart den omfattande verksemda leia frå den vesle, veglause bygda Nessane. Landbruksmaskinene som Erling Nesse AS selde, kom til å setje sterkt preg på norsk landbruk då det for alvor vart mekanisert og motorisert på 1950-talet.

Frukthandelen til Nesse

Erling Nesse A/S vart starta på Nessane i 1897.

Nessane på 1930-talet. © Fylkesarkivet.

Nessane på 1930-talet. © Fylkesarkivet.

Bucher-traktoren frå Nesse

I 1953 gjorde firmaet ein gullkanta avtale då firmaet fekk omsetninga, og seinare vart importør av Bucher landbruksmaskiner. Dei sveitsiske Bucher motorslåmaskinene vart bygde om av oppfinnsame bønder til allsidige, små «minitraktorar».

Landomfattande handelshus

I 1954 opna Erling Nesse AS filial i Bergen, og etter kvart starta firmaet jernvareforretningar over heile landet. I 1983 hadde konsernet 70 tilsette. I tillegg kom Nesseplast.

Nesseplast

I 1957 starta Kåre Nesse produksjon av garnflottørar i ungdomshuskjellaren på Nessane. Produkta vart etter kvart utvida til fiskekassar etter eigen patent.

Konkurs og ny drift for Nesse

Konsernet gjekk konkurs i 1983 etter store tap på valuta, men Nesse-familien greidde å berge verksemda på Nessane.

Nesseplast i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nesseplast i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011