Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Døsen

Døsen før hovudhuset vart utvida og bygd om til sveitsarstil, med den gamle tingstova til høgre. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Døsen før hovudhuset vart utvida og bygd om til sveitsarstil, med den gamle tingstova til høgre. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Like sør for Dale kyrkje i Luster ligg Døsen - ein handelsstad som i hovudsak vart skilt ut frå garden Bringe. På kaia låg den gamle Tingstova som vart nytta som handelsbu, dampskips-ekspedisjon, postkontor og allslags møtelokale m.a. for kommunestyret før 1913. Huset vart truleg reist der etter ein brann i 1754, men vart rive i 1989.

Ovanfor riksvegen - kloss i vegkanten - ligg framleis ein bygning som minner om fordums stortid: eit stort hotelliknande hus med verandaer i sveitsarstil. Dette var opphaveleg ein gjestgjevargard som vart bygt av handelsmann Tøger Hansen kring 1800.

Døsen ca. 1900. Foto: Johan Rumohr Døsen. © Fylkesarkivet.

Døsen ca. 1900. Foto: Johan Rumohr Døsen. © Fylkesarkivet.

På 1890-talet vart huset mykje utvida og pynta med verandaer og anna utvendes «nips» i sveitsarstil. Huset vart nytta både som gjestgiveri og bustad for handelsmennene på Døsen. Her heldt den velståande handelsmannen seg med privatlærar for borna sine langt inn på 1900-talet.

Første kremmar på Døsen

På Døsen slo Søren Jensen Sønderhovud (1616-1700) seg ned i 1653 og starta handel og gjestgiveri. Søren Jensen var truleg dansk, og kjøpte også opp mykje jord, m.a. i Vigdal og på Alme. Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.03.2011