Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Rugsund

 Rugsund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rugsund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved Rugsundstraumen ligg eitt av dei vakraste handelsanlegga på Vestlandet frå eldre tider. Rugsund har vore kremmarleie frå tidleg 1600-tal. Både handel og gjestgiveri vart i 1666 flytta over til øysida ved sundet, der det no ligg.

Hovudhuset vart flytta til Rugsund i 1836 og er frå 1700-talet, og det vart i samband med flytting bygt på ein andre etasje. Deler av ei av sjøbuene er frå 1600-talet. Samstundes med utvidinga av hovudhuset vart det bygd sjøbud og krambud - slik vi kjenner det vakre anlegget i dag.

I 1728 vert det nemnt at kremmarleiet også hadde eiga borgstove, og elles var her både løe og fjøs. Fram til 1834 låg soknekyrkja i Rugsund ved handelsstaden på Rugsundøya.

Rugsundet som farlei

Heilt frå dei eldste tider har det tronge sundet mellom fastlandet og Rugsundøya vorte nytta som siglingslei, men sundet er så smalt og fullt av skjer at skip og jekter måtte «landdragast» for å kome trygt igjennom: Dvs. at skipa vart dregne gjennom sundet av folk på land. Nordfjord-jektene brukte jamnt den korte vegen gjennom Rugsundstraumen når dei skulle til og frå Bergen.

Dronning Ingrid vart drepen ved Rugsundet

Ei av dei mest dramatiske hendingane i eller ved Rugsundstraumen var då Dronning Ingrid etter segna ein gong kring år 1200 vart overfallen av ein flokk birkebeinarar då ho var på veg heim til Stårheim. Både dronninga og mannskapet ombord på skipet hennar drukna då fiendane slo hol i skipet og søkkte det.

Dronning Ingrid var då gift med lendmannen Arne på Stodrheim, og hadde lånt sonen Nikolas Arnesson sitt skip «Bokskreppa» for ei reise til Bergen. I denne urolege borgarkrigstida var biskop Nikolaus Arneson leiar for baglarane som stridde mot kong Sverre Sigurdsson og hans birkebeinar-flokk, og attentatet mot dronning Ingrid ved Rugsund hadde samanheng med denne striden.

Hollendarar på tjørehandel

Tidleg på 1600-talet viser skattelistene at hollendarar kom til Rugsund for å kjøpe tjøre, tønneband og tømmer, men like etter vart denne frihandelen regulert og overteken av faste handelsmenn med privilegium og borgarbrev frå Bergen.

Dei første åra budde handelsborgaren i Straumen på austsida av sundet. Ei kort tid låg handelen på Storøyna, men då ei proste-enkje som heitte Maren Bugge, i 1666 busette seg på Storøyna, vart kremmarleie og gjestgiveri flytta over til Rugsundøyna der det ligg i dag.

Bergensborgarane i Rugsund

Den første Bergensborgaren som dreiv i Straumen var Henning Jørgenson. Gjestgiveriet låg på Storøyna. Då Jens Mandrup tok over kring 1650, budde han på Storøyna.

Laurens Hansson Glad (d. 1690) overtok truleg i 1673 og dreiv til han døydde i 1690-åra. Enkja Anne Glad gifta seg opp att med Abraham Knudsson, og saman dreiv dei gjestgiveriet, medan handelen kom på andre hender: Den neste kremmaren i Rugsund var den danske skipperen Jørgen Larsson, som løyste borgarbrev i 1695. Då han døydde tre år seinare, heldt enkja Margrete fram med ulovleg handel av brennevin, øl og tobakk, og vart difor klaga inn for futen av gjestgjevar Abraham Knudsson (1642-1712). Det enda med at Knudsson overtok retten til å drive både handelen og gjestgiveriet i Rugsund, og fekk dessutan ombodet som lensmann i Davik skipreide. Knudsson skaffa seg fleire eigedomar, m.a. i Hesjevågen, Husevåg og i Hjelmelandsdalen i Eid kommune.

Friis-epoken i Rugsund

I 1712 tok Eirik Pederson over som gjestgjevar og handelsmann i Rugsund, men i 1728 er det klart for «Friis-epoken» på handelsetet - ein epoke som skulle vare i 160 år.

Kjøparen i 1728 var Thomas Nielsson Friis (1675-1745). Han var son til presten Niels Friis i Vanylven og mora Maren, prostedotter frå Eid, der ho hadde arva store eigedomar på Myklebust og Alsaker. Før Thomas Friis kom til Rugsund 1728, hadde han frå 1703 drive handel og øltapperi på Myklebust på Nordfjordeid, men låg støtt i krangel med andre som skulda han for å drive ulovleg.

I 1734 overtok dottera Elisabet og svigersonen Lars Jakobson Flølo i Rugsund. Men Lars Flølo var drikkfeldig og valdeleg og truga fleire gonger folk med kniv. Han kom i krangel med svigerfaren, som ikkje fekk dei kårytingane som han var lova. I 1744 vart Rugsund sett under tvangsauksjon, og to år seinare måtte Lars Flølo flytte derifrå til armod og usle kår på eit småbruk i Vingelven.

Friis-folket store jordeigarar

No tok sonen til Thomas Nielsson Friis, Thomas Thomasson Friis, over Rugsund, og i 1775 sonen hans, som også heitte Thomas Friis. På denne tida hadde Friis-familien i Rugsund fått hand om store jordeigedomar i vide omkring:

Dei eigde gardar på Kvalheim, Almenning, Fagerlid, Totland, Hjelmeland, Sande på Sunnmøre, Skorpa, Ytre-Hauge, Marøyna og Sandvik i Gulen.

Handelsmann og ordførar

Frå 1818 var det den tredje i rekkja av Thomas Friis'ar som eigde handel og gjestgiveri i Rugsund. Men det vart ein mann som Thomas Friis både var onkel og svigerson til, Henrik Didrik Echoff Friis (1797-1896), som skulle setje dei mest synlege merke etter seg i Rugsund og som bygde handelsstaden ut til ei stor verksemd og med hus slik vi kjenner dei i dag. Han vart i 1819 gift med Thomas Friis si dotter Maren Elida. Frå 1837 til 1839 var han den første ordføraren i Davik kommune.

Han dreiv Rugsund til 1858, då sonen Thomas Andreas Friis tok over. Alt frå 1860 - eit par år etter at Fylkesbaatane var skipa, fekk Rugsund dampskipsstopp og postopneri. Friis fekk også løyve til å selje brennevin i 1857, men dette vart det slutt på i 1893.

I 1886 overtok sonen Henrik Friis som handelsmann i Rugsund. Men han hadde også andre interesser; studerte jus og praktiserte som advokat i ytre Nordfjord. Han eigde også ei tid: Handelsstaden Bryggja nordanfor fjorden. Henrik Friis vart den siste i Friis-rekkja, som då hadde regjert i Rugsund i 160 år.

Wiese- og Skaar-slektene i Rugsund

I 1893 kom Petter Christian Wiese til Rugsund. Han tihøyrde den mektige Wiese-slekta som dreiv handel både i Osmundsvåg, Vågsberget, på Måløyna, og på Nordfjordeid. Sjølv hadde han budd i den vesle grenda Dombestein omlag ei halv mil aust for Davik. Der han dreiv handel. Eit vakkert, gamalt hus står framleis like ved riksvegen på Dombestein og minner om «Wiese-tida» der. I 1898 fekk han hand om Rugsund ved auksjon.

I 1916 kjøpte stryningen Harald Skaar den gamle handelsstaden i Rugsund frå Wiese. Han var bror til Jon Skaar sr. som slo seg stort opp som handelsmann og fisketilvirkar i Måløy, og som var ættefar til dei som seinare bygde ut Skaar & Co. og Skaarfish.

Men like etter at Skaar overtok i Rugsund, vann bygdefolket fram med kravet om at dampskipsekspedisjon og posthus skulle flytte over til sørsida av Rugsundstraumen, der flest folk budde. Etter tapet av dampskip og post, satsa Skaar på fisketilvirking og sildesalteri, krydring av brisling og trelasthandel.

Anlegget med gamle hus, bryggje m.m. er no restaurert og drive som gjestehamn m.m. av noverande eigarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2015