Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Værholmen

Værholmen. Hovudhuset brann ned i 1951. Ukjend fotograf.

Værholmen. Hovudhuset brann ned i 1951. Ukjend fotograf.

Frå midt på 1700-talet var Værholmen vest for Lavik ein av dei største handelsstadene i ytre Sogn. Handelsstaden vart bygd inne i ein lun våg. Her var også skysstasjon og gjestgiveri, og då Fylkesbaatane starta ruter på Sognefjorden i 1858, var Værholmen ein av stoppestadene. Den første som dreiv handel der var Gregorius Leisner frå 1758.

Utover 1800-talet var det mykje handelsfolk frå Bergen som dreiv i Værholmen, men frå 1883 til 1898 dreiv Christian Hansen frå Vadheim handelsstaden. Han var son til den velkjende handelsmann og hotelleigar Sjur Hansen Vadem (Sjur i Veim) i Vadheim.

Handelen i Værholmen tok slutt tidleg på 1900-talet, då Fylkesbaatane flytta stoppestaden til Lavik. I 1951 brann det staselege hovudhuset med krambua ned.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.11.2009