Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsverksemda på Nese

Nese landhandel i Arnafjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nese landhandel i Arnafjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole M. Nese starta landhandel på Nese i Arnafjord i 1886, og dreiv til 1891. Han tok opp att handelen i 1895, men gjekk konkurs i 1903. Markus Nese tok over, og kjøpte etter ei tid også kaia på Nese. Markus var ein tilsakssam mann: I 1915 bygde han eige bakeri, og dreiv også sagbruk og båtfrakt med opptil fleire båtar. Ein av dei - «Arnefjord» - vart nytta av rømlingar til Shetland under 2. verdskrig.

Sonen Johannes Nese (1914-2002) tok over i 1948 og dreiv til 1999. I 2003 tok sonen hans, Morten Nese og ektemaken Geraldine Behan Nese over Nese Landhandel, og driv også kafé. Morten er augekirurg, og driv eigen klinikk for augekirugi i den vesle bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.06.2011