Hans A. Bjordal

Butikken i Bjordal. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Hans A. Bjordal starta landhandel i Bjordal i 1891. Han vart kalla ”Hans med sjøen”. Svigersonen Einar Bjordal som overtok i 1903, var også dampskipsekspeditør og hadde postopneri og telefonstasjon.
Like etter krigsutbrotet i april 1940 vart den norske torpedobåten "Garm" senka av tyske fly på fjorden utanfor butikken. Under dette åtaket vart butikken i Bjordal mykje skadd. Difor vart det bygt nytt forretningsbygg like etter krigen.
Sonen til Einar, Harald Bjordal, overtok landhandelen og den øvrige verksemda kring 1950.
Midt på 1980-talet overtok dottera til Harald, Dagny Bjordal, og på same tid vart det reist eit tilbygg til butikken der det var plass til bankfilial og postkontor.
I 2005 overtok dottera til Dagny Bjordal, Mona Tvedt og ektemaken Geir Særsten butikken. Postkontoret er lagt ned, og butikken har såkalla ”post i butikk”-ordning.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 18.11.2009