Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Nes Bygg AS

Hans Nes Bygg AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hans Nes Bygg AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hans Nes starta som byggmeister i Hafslo på 1950-talet. Kring 1975 skipa han byggevarefirmaet Hans Nes og Sønn saman med sonen Johannes Nes. Dei bygde om lag samstundes lager og byggevareforretning i Hafslo sentrum.

I 1987 vart firmaet omgjort til aksjeselskap med namnet Hans Nes Bygg AS. Verksemda har 15 tilsette og driv både som bygningsentreprenør og med sal av byggevarer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.01.2010