Hopp til innhold
X
Innhald

Harald O. Eikenes

Forretningsgarden til Harald Eikenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsgarden til Harald Eikenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Harald O. Eikenes starta i 1899 landhandel på Årheim i Stryn, like sør for den gamle brua. Her bygde han ein stort, kombinert forretnings- og bustadhus. Han var også medskipar av Stryn Cementsteinfabrikk i 1912 og dreiv mølle og sagbruk på Årheim.

Dottera Hjørdis tok over forretninga i 1939, og dreiv på Årheim til byrjinga av 1950-talet. Ho starta også Stryn Glasmagasin på Tonning som dreiv til ut på 1960-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010