Hopp til innhold
X
Innhald

Harpefossen Fjellstove

Harpefossen Fjellstove ligg like ved Nordfjord Skisenter i Hjelmelandsdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Harpefossen Fjellstove ligg like ved Nordfjord Skisenter i Hjelmelandsdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Harpefossen Fjellstove i Hjelmelandsdalen vart bygt i 1965 av Kristian Kjørstad.

Fjellstova ligg ved foten av det som etter kvart utvikla seg til Nordfjord Skisenter AS, med heisar, alpinbakkar, lysløyper m.m.

Fjellstova vart utvida med ei ny sengeavdeling midt på 1970-talet og vart oppgradert til hotell. Sidan har driftsvanskar ført til fleire eigarskifte. Den eldste bygningen vart totalskadd av brann midt på 1990-talet, sidan det har det ikkje vore hotelldrift i anlegget. I 2002 bygde idrettslaga Stårheim og Haugen varmestove på branntufta, og har rusta opp og delvis leigd ut, delvis selt resten av bygget som appartementsleiligheter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.01.2011