Hopp til innhold
X
Innhald

Haugianarar dreiv stamper og fargeri

Fargeri på Hillestad

I Sogn fekk den kristelege forkynnaren og forretningsmannen Hans Nielsen Hauge den største tilhengarskaren sin i noverande Luster kommune. I Luster, som elles i landet, vart haugianarane nokre av dei første som starta lokal industri. Både Hans Feigum og Peder Steen, som begge stod sentralt i haugianarflokken i Luster midt på 1800-talet, dreiv fargeri.

Fargeri på Hillestad

Peder Steen (1818-1894) var innflyttar frå Kristiansund. Han gjekk først i fargarlære hjå Hans Feigum før han i 1854 kjøpte seg gard på Hillestad i Hafslo og starta sitt eige fargeri. Sonen Jakob Steen dreiv fargeriet til 1918.

Stampe og fargeri i Marifjøra

I Marifjøra starta elles ein annan hafslobygding, Andreas Einarson Beheim, både stampe og fargeri ved elva i 1872, og han laga også plantefargar for sal. Sonen Georg Behaim tok over då faren døydde i 1944 og dreiv heilt fram til byrjinga av 1950-talet. Firmaet heitte A. E. Behaims Eftf.

Tøystamper på Indre Hafslo

Også på Kjørlaug og Sterri i Indre Hafslo var det tøy-stamper. Dette var verkstader der ein fekk krympa heimevove tøy ved at det vart stampa/banka av stokkar som vart drivne opp og ned som hamrar av eit vasshjul. Etter handsaminga i stampa krympa ikkje tøyet så lett ved seinare vask.

Teglverk på Hafslo

Vilken Sjursen, ein haugianar som kom til Hafslo og kjøpte seg gard der i 1782, skulle også vere drivar av eit teglverk som låg på Bjørkaug nedanfor Furehaug i Hafslo, men dette er noko uvisst.

Tøystampe i Luster

I Luster var Ola Brustova ein sentral haugianar. Han var skulemeister, og bygde etter oppmoding frå Hans Nielsen Hauge ei tøystampe.

Saltkoking i indre Sogn

Haugianarane i indre Sogn skal også ha prøvd seg på saltkoking. Hans Nielsen Hauge vart sjølv sleppt ut av fengsel for å organisere saltkoking av sjøvatn i naudsåra under Napoleons-krigane, og Svanøy i Sunnfjord vart eit senter for denne «industrien» - sjå: Mønsterbruket Svanøy.

I indre Sogn skal folk frå haugianar-brørne ha prøvd seg på saltkoking m.a. i Saltviki ved Årdalstangen og i Saltgruva mellom indre og ytre Offerdal. Inne i fjordane måtte sjøvatn til saltkoking hentast opp frå 50 favners djup, elles var det for utblanda med ferskvatn frå dei store elvane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011