Henry Bruflat

Den tidlegare Bruflat-butikken husar i dag klesforretningane C you og Match Årdal Mote. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Henry Bruflat frå Høyanger starta klesbutikk i Øvre Årdal i 1961. Han hadde nokre år tidlegare starta klesbutikk i Norheimsund i Hardanger, og hadde også avdelingar både i Sogndal og på Husnes.
Ved sida av butikkjeda engasjerte også Bruflat heimeverande kvinner som strikka jakker som han eksporterte til USA.
Etter at Henry Bruflat omkom i ei ulukke i Danmark i 1982, dreiv enkja Helga Bruflat forretningskjeda vidare. Ho selde forretninga Øvre Årdal på slutten av 1990-talet, men butikken gjekk berre få år etter dette før den vart avvikla.
Men det er framleis i 2009 klesforretningar i den tidlegare Bruflat-butikken: Match Årdal Mote og C you.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 04.02.2010