Hopp til innhold
X
Innhald

Herbyrje

Herbyrje, også kalla Nistad Kafé. Ukjend fotograf. Eigar: Inger Helene Nistad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Herbyrje, også kalla Nistad Kafé. Ukjend fotograf. Eigar: Inger Helene Nistad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Herbyrje pensjonat og kafé vart starta i Bygstad i 1931 av Marta og Andreas Nistad. Dei hadde nett då bygd nytt hus der det vart innreia fem pensjonatrom. Pensjonatet vart flittig brukt av reisande med rutebåtane på Dalsfjorden før vegen Bygstad-Dale vart opna.

Andreas Nistad dreiv også drosjekøyring. I 1955 tok sonen Oddmund Nistad over både drosjekøyringa og pensjonatet, og saman med ektemaken Inge Helene dreiv han pensjonatet til det vart lagt ned i 1985. Sonen Bjørn Magne har sidan teke over drosjeløyvet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2009