Hopp til innhold
X
Innhald

Herman Andersen

Byggmakker Andersen i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Byggmakker Andersen i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Herman Andersen starta fargehandel på Årdalstangen i 1954. På 1960-talet starta han avdeling i Øvre Årdal, og etter nokre år la han ned butikken på Årdalstangen.

Sonen Kjell Andersen tok over som dagleg leiar i 1978. Forretninga i Øvre Årdal utvikla seg til ei stor byggjevareforretning som i 2002 bygde eit lager- og butikkbygg på 3000 kvadratmeter på Ve. Firmaet heiter no Byggmakker Andersen og har 15 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2010