Hopp til innhold
X
Innhald

Hermetikkfabrikkar for krabbe i Kalvåg

Dei tilsette på krabbefabrikken til Ludvig Andersen ein gong mellom 1912 og 1915. Foto: Berg, eigar: Nelly Frøyen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Dei tilsette på krabbefabrikken til Ludvig Andersen ein gong mellom 1912 og 1915. Foto: Berg, eigar: Nelly Frøyen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Ludvig Andersen starta ein liten hermetikkfabrikk for nedlegging av krabbe i Kalvåg i 1912. Frå 1920 dreiv Vilhelm Bugten & Co. nedlegging av krabbe i eit par år før Olav J. Langeland tok over den vesle fabrikken. Også Valdemar Gjertson Bakke og Audun Røys dreiv krabbemottak.

Audun Røys kunne ha opptil 32 arbeidarar i sving i krabbesesongen i mellomkrigstida, og produksjonen kom opp i 45.000 boksar årleg. Røys Preserving heldt til i bygget som vart kalla «hotellet».

Røys Preserving heldt til i bua til venstre, også kalla Hotellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Røys Preserving heldt til i bua til venstre, også kalla Hotellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2010