Hermetikkfabrikken Viking
Per Klingenberg Knutsen dreiv svartebørshandel og vart krigsprofitør under 2. verdskrig. Etter krigen vart han dømd for landssvik og fekk store bøter. Dette slo beina unna fabrikk- og forretningsverksemda hans.
Knutsen gjekk konkurs, og hermetikkfabrikken vart no selt til fabrikkeigar Jacob Sætre, ein masfjording som budde i Bergen. Sætre hadde saman med kompanjongen Jon Pedersen bygt opp ei mengd hermetikkfabrikkar i mellomkrigstida. Etter krigen skilde dei lag, og Sætre dreiv på eiga hand ei mengd fabrikkar heilt frå svenskegrensa til Aukra. Her i fylket kjøpte han elles ein hermetikkfabrikk på Grytøyra i Sunnfjord i 1949 - sjå: Handel og hermetikk på Grytøyra.
Då Jacob Sætre overtok på Hermansverk, bytte fabrikken namn til «Hermetikkfabrikken Viking A/S». Den vart driven til fram på 1960-talet, og var ein av dei første som Sætre la ned i konsernet sitt. Seinare overtok Leikanger Sparebank fabrikktomta, reiv dei gamle bygningane og bygde sitt eige bankbygg der.
Les meir om industri-greina i familien Knutsen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 05.06.2008