Hopp til innhold
X
Innhald

Hero Møbler

Fabrikkbygningen der Hero Møbler hadde produksjon fram til kring 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikkbygningen der Hero Møbler hadde produksjon fram til kring 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hero Møbler vart starta i 1960 av Oskar Espe, Rolf Haugen og Ragnar Espe. Dei starta først i løa til Rasmus Espe, men bygde tidleg på 60-talet eigen fabrikkbygning like ved riksvegen.

Hero Møbler produserte finare, utskorne møblar, og hadde på det meste seks tilsette. Fabrikken vart lagd ned kring 1980.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.11.2009