Hopp til innhold
X
Innhald

Herskapshus og hotell i Skjerjehamn

Det staselege hovudhuset i Skjerjehamn i 2007. Huset er restaurert av Ola Braanaas. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det staselege hovudhuset i Skjerjehamn i 2007. Huset er restaurert av Ola Braanaas. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Wilhelm Schreuder omkom i 1873 saman med dottera Jenny og fem andre (sjå: Ulukker i Gulen) då dei var på veg til kyrkja i Eivindvik for å konfirmere den eldste sonen i huset, Otto Schreuder. Otto berga seg på båtkvelvet, og skulle bli ein stor handelsmann i Skjerjehamn då han tok over eigedomen etter mora Sara i 1880.

Levde sosietesliv

Levde sosietesliv

I 1891 bygde han det store, tre-etasjes huset i sveitsarstil. Her førte Schreuder-familien eit fornemnt «sosietetsliv» med tenarskap og guvernanter for borna. Otto Schreuder vart seinare også stortingsrepresentant for fylket i nokre år.

Same året som Otto Schreuder bygde nytt hovudhus, bygde han også kai, slik at reisande og ferdafolk slapp omlastinga i robåt. Eitt av husa vart nytta som hotell for dei reisande, og handelen i Skjerjehamn tok seg sterkt opp.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.11.2011