Hopp til innhold
X
Innhald

Highsoft AS

Highsoft Solutions vart i 2012 tildelt Gründerprisen for Sogn og Fjordane. Til venstre Grethe Hjetland, til høgre Torsetin Hønsi. I midten Arvid Andenæs, som sat i juryen som tildelte prisen. Foto: Gro Ravnestad, NRK.

Highsoft Solutions AS vart starta av Torstein Hønsi i 2009. Firmaet sel datavisualiseringsverktøy til nettsider. I 2011 omsette firmaet for 12 millionar kroner, og talet på tilsette er sju. Mellom kundane er dei største selskapa i verda.

I 2012 vart Highsoft Solutions AS kåra til årets gründer Sogn og Fjordane.

Namnet vart seinare endra til Highsoft AS. I 2014 inngjekk Highsoft avtale om å leige lokale i Blix Hotell, tidlegare Hopstock Hotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.01.2016