Hopp til innhold
X
Innhald

Hillestad Hotell og landhandel

Hafslo Gjestehus, tidlegare Hillestad Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Gjestehus, tidlegare Hillestad Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hillestad Hotell og landhandel vart starta i 1929 då Olav Ugulen tok over bygningane på den gamle skysstasjonen på Hillestad nordaust for Hafslovatnet.

Hotellet fekk frå starten 30 senger. Det vart totalskadd av brann i 1946, men bygt opp att, og utvida med ein ny etasje i 1962. Hotellet vart drive om sommaren, og leigd ut til mellom anna til husmorskuleelevar om vinteren.

Sonen Oddvar Ugulen tok over då faren døydde i 1978 og dreiv til 1983. Då kjøpte engelskmannen Roy Ivin hotellet og dreiv det til slutten av 1990-talet. Eikum Hotell eigde så Hillestad Hotell eit års tid før ekteparet Evy og Jomar Skjerven overtok i 2000. Dei har pussa opp bygt om hotellet til utleigehusvære for turistar under namnet Hafslo Gjestehus.

Flyfoto av Hillestad med Hillestad Hotell i 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Flyfoto av Hillestad med Hillestad Hotell i 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.03.2011