Hopp til innhold
X
Innhald

Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal

Hjellegjerde-konsernet sa takk for seg i Hornindal i 2003. Foto  frå TV-reportasje, NRK.

Hjellegjerde-konsernet sa takk for seg i Hornindal i 2003. Foto frå TV-reportasje, NRK.

Eitt av dei første kommunalt eigde industriutleigebygg i landet vart bygt på Grodås 1966. Bygget husa Grodås Møbler A/S, ei dotterbedrift av Sandvik-konsernet i Ørsta. Verksemda produserte møblar med treskurd. Ei anna bedrift var Grodås Trevare A/S, eigd første åra av Sandvik & Co. i Ørsta og Velledalen møbelfabrikkar i Sykkylven. Etter ei tid heilt overteke av Hjellegjerde-konsernet.

I 1994 starta Hjellegjerde også ei syavdeling ved sida av treavdelinga i Hornindal. Trearbeidsavdelinga vart lagt ned i 1999, og i 2003 vart også syavdelinga med 15 tilsette lagt ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011