Hopp til innhold
X
Innhald

Hjørnesteinsverksemda Løland Verft

 Havyard Leirvik i 2007. Foto: Ottar, Starheim, NRK

Havyard Leirvik i 2007. Foto: Ottar, Starheim, NRK

Den viktigaste hjørnesteinen i arbeidslivet i ytre Sogn har i over 50 år vore skipsverftet i Leirvik. Havyard Leirvik som skipsverftet heiter i dag, vart skapt av brørne Løland frå Leirvik. I 2008 sysselset det store skipsverftet på Kjørneset 700 personar, av desse er det 200 fast tilsette.

I 1956 fekk Jonas Løland Kongens fortenestemedalje i sølv for livsverket sitt. Overrekkinga skjedde i stova heime hjå han og kona Gjøa. Til venstre Anton Løland, til høgre fylkesmann Nikolai Schei. Foto: Magnus Løland. © Fylkesarkivet.

Grunnleggjaren

Bondeguten Jonas Løland hadde arbeidd som anleggssmed m.a. på Rjukan og i Årdal. I 1914 kom han heim og starta ei lita smie ved fossen i Bøelva saman med Lasse Ness. Her produserte dei m.a. trillebårer, vognhjul og turbinar til småkraftverk.

Ei tid dreiv dei også tønnefabrikk. Frå 1918 var Jonas åleine om drifta. Same året bygde han i samarbeid med Knut Wolff og Eivind Bekken den første slippen ved elvemunningen i Leirvik og starta vedlikehald og reparasjon av fiskebåtar.

Bøelva før kraftverket vart bygt. foto utlånt av Audun Aas, frå boka Skipsverftet ved Sognefjorden.

Bøelva før kraftverket vart bygt. foto utlånt av Audun Aas, frå boka Skipsverftet ved Sognefjorden.

Familieverksemd for far og søner

I 1928 bygde Jonas Løland kraftverk ved fossen i Bøelva. I tillegg til drift av eigne maskiner, leverte kraftverket straum til fleire husstandar i Leirvik. Samstundes bygde Løland ny verkstad, slipp og kai på Indre Bø; Løland Motorverkstad. Etter kvart vart dei seks sønene Anton, Nils, Harald, Johannes, August og Magnus Løland tilsette i verksemda. Harald og Johannes omkom ved arbeidsulukker på slippen i 1927 og 1928.

Løland Motorverkstad i 1938. Foto: Bjarne Råsberg. © Fylkesarkivet.

Løland Motorverkstad i 1938. Foto: Bjarne Råsberg. © Fylkesarkivet.

Bygde småkraftverk

Den fingernemme Jonas laga mykje av utstyret då verksemda starta med elektrosveising tidleg på 1930-talet. Det viktigaste produktet i åra før og etter andre verdskrig var vassturbinar, regulatorar og småkraftverk. Løland leverte turbinar og andre delar til meir enn 50 kraftverk kringom i fylket. Fleire stader bygde dei òg heile kraftverket. Lølands-karane reiste sjølve rundt og monterte anlegga.

Dei produserte også kabelbaner for tømmertransport og fabrikkmaskiner m.a. til Åsnes Skifabrikk og Helle Knivfabrikk.

Bygg nummer 1, ”Loftesnesferja” etter sjøsettinga i 1938. Ukjend fotograf.

Bygg nummer 1, ”Loftesnesferja” etter sjøsettinga i 1938. Ukjend fotograf.

Skipsverft

Den første båten som vart bygd ved Løland Motorverkstad var «Loftesnesferja» i 1938. Dette var ei flatbotna ferje på 15 meter som hadde plass til fire bilar og vart dregen over Loftesnessundet i Sogndal med kabeltrekk (Loftesnesferja vart avløyst av bru over sundet i 1958).

Eit komplisert oppdrag var skyssbåten «Breim» som vart sett inn i trafikk på Breimsvatnet i 1953. Løland organiserte transporten på den smale vegen frå Sandane til Breimsvatnet.

To av dei tilsette på Løland Verft i arbeid med ei skipsside på 1950-talet. Til venstre Leif Tveit, til høgre Frik Rysjedal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

To av dei tilsette på Løland Verft i arbeid med ei skipsside på 1950-talet. Til venstre Leif Tveit, til høgre Frik Rysjedal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I 1950-åra leverte verftet fleire fiskebåtar til norske reiarlag, og i 1961 kom det første byggjeoppdraget til Island. Verksemda vart medlem i Vestlandske Fartybyggjarlag i 1955, og laget organiserte i åra som fylgde fleire byggjeoppdrag og finansiering for fiskebåtar både til Island og Færøyane.

Den gamle slippen til Løland Verft  er framleis synleg.

Den gamle slippen til Løland Verft er framleis synleg.

Ferje-verftet

Frå 1956 vart Fylkesbaatane ein av dei største kundane til Løland Motorverktad: Dei første Fylkesbaat-skipa var lokalbåtane «Hennøy», «Vågsøy» og «Tansøy», bygde i åra 1956-1959. Den første større ferja var «Bjørgvin», levert i 1962, og sidan har Løland bygd ei mengd ferjer til dette og andre rutelag. I 1958 fekk beddingen på Bø overbygg.

Då grunnleggjaren døydde i 1960, endra verksemda namn til Løland Motorverkstad, Jonas Lølands Søner. I 1969 vart det aksjeselskap med nytt namn – Løland Verft A/S - med Magnus Løland som dagleg leiar.

”Hennøy”, eitt av dei første skipa Løland Motorverkstad bygde for Fylkesbaatane. Foto: Fjord1 Fylkesbaatane.

”Hennøy”, eitt av dei første skipa Løland Motorverkstad bygde for Fylkesbaatane. Foto: Fjord1 Fylkesbaatane.

Skipsverft på Kjørneset

I 1975 starta bygging av eit nytt skipsverft med overbygd tørrdokk og djupvasskai på Kjørneset ved innløpet til Bøfjorden. Tørrdokka måler 130x20 meter og kan delast slik at ein kan byggje nye skip i indre delen og ta inn farty for reparasjon i den ytre delen mot sjøen. Over dokka er det montert store traverskraner, og den store kranen på utrustingskaia vart kjøpt brukt i Sverige og frakta heil på ein stor lekter til Leirvik.

Det nye verftet på Kjørneset vart bygt i 1975. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det nye verftet på Kjørneset vart bygt i 1975. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kostnadssprekk og konkurs

Anlegget var opphaveleg kostnadsrekna til 20 millionar kroner. Men då skipsverftet vart teke i bruk i 1978, var prislappen 42,8 millionar kroner. Løland fekk økonomiske vanskar og gjekk konkurs i 1979. Magnus Løland tok kontakt med båtbyggjar John Kleven i Ulsteinvik, og saman med Fylkesbaatane og Lølands-familien skipa dei selskapet Kleven Løland A/S. Kleven Mek. Verksted eigde 65 prosent, Fylkesbaatane 25 prosent og Løland-familien 10 prosent av aksjane. I 1986 overtok Kleven aksjane til Fylkesbaatane. I 1990 gjekk Kleven-gruppa inn i Kværner-konsernet, og verftet fekk namnet Kværner Kleven Leirvik A.S.

Tørrdokka er akkurat stor nok til spesialskipa som Havyard Leirvik byggjer til oljeverksemda i Nordsjøen.

Tørrdokka er akkurat stor nok til spesialskipa som Havyard Leirvik byggjer til oljeverksemda i Nordsjøen.

Frå Kværner til Havyard

Då Kværner-konsernet kom i økonomiske vanskar i 1999, vart verfta i Florø og Førde overtekne av Kleven-familien, medan Leirvik-verftet vart seld til selskapet Havyard, eigd av Per Sævik i Fosnavåg og familien hans. Havyard eigde også ei tid verftet på Løkjaneset i Eid (sjå Eid verft). Havyard Leirvik AS hadde i 2001 165 tilsette, men kunne sysselsetje kring 300 personar når nybygg skulle klargjerast. Store ordar i dei siste åra gjer at verftet i 2008 har 200 fast tilsette og kring 500 innleigde arbeidarar, mange av desse frå utlandet.

Nokre av folka som har Havyard Leirvik som arbeidsplass. Vesle Hyllestad kommune greier ikkje å forsyne verftet med nok arbeidskraft, difor  blir mange utanlandske arbeidarar leigde inn.

Nokre av folka som har Havyard Leirvik som arbeidsplass. Vesle Hyllestad kommune greier ikkje å forsyne verftet med nok arbeidskraft, difor blir mange utanlandske arbeidarar leigde inn.

Rysjedal Elektro var tidlegare den største lokale tenesteleverandøren til verftet, og Leirvik Kro og Motell har drive kantine og catering. I 2003 vart Havyard Elektro AS skipa. Firmaet driv maritim elektrisk installasjon og samarbeider med Rysjedal Elektro om ein del oppdrag.

All skipsbygging til Leirvik

I 2010 vedtok Havyard Group å selje aksjane sine i Havyard Tomrefjord og legge all skipsbygginga si til Leirvik. Dermed skal Havyard Leirvik bygge større fiskefarty i tillegg til skip til oljeaktiviteten i Nordsjøen.

Nytt namn i 2011

I 2011 vart namnet på skipsverftet i Leirvik endra til Havyard Ship Technology AS.

Eitt av skipa som er bygde på Havyard Leirvik - Havila Mars - på prøvetur. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eitt av skipa som er bygde på Havyard Leirvik - Havila Mars - på prøvetur. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.03.2011