Hopp til innhold
X
Innhald

Hjørnesteinsverksemda Vik Verk

Vik Verk, som i 2010 har fått namnet Vik Ørsta. Foto: Ottar Starheim, NRK

Vik Verk, som i 2010 har fått namnet Vik Ørsta. Foto: Ottar Starheim, NRK

Vik Verk har under ulike namn sidan 1969 vore den største arbeidsplassen i Vik kommune og var tufta på idéen om at Sogn og Fjordane som storprodusent av kraft til aluminiumsverka måtte få eigne fabrikkar som kunne vidareforedle aluminiumsbarrane til ferdigvarer.

Vidareforedling av norsk aluminium stod sentralt i den norske distriktspolitikken på 1960-talet, og Vik Verk som vart opna av statsminister Per Borten i 1969, var det mest synlege resultatet i Sogn og Fjordane på den tida. Seinare kom også Felgfabrikken Fundo i Høyanger.

Oppslag i Bergens Tidende i 1962 om planane som nokre år seinare resulterte i Vik Verk.

Oppslag i Bergens Tidende i 1962 om planane som nokre år seinare resulterte i Vik Verk.

Ideen kom frå Bergen

Det var ei idegruppe i Bergen som i 1961 først lanserte tanken om ein vidareforedlings- fabrikk i Vik. I gruppa sat disponent Håkon Otre, siviløkonom Sigmund Gjesdal, bankdirektør Kaare Meland og advokat Gunnar Greve sr. Håkon Otre, som opphaveleg kom frå Vik, var pådrivaren i gruppa. I Vik var det avdelingsstyrar Finn Larsen i Sogn Billag og kommuneingeniør Guttorm Holstad som var gruppa sine kontaktar.

Før planane vart lagde fram for byråsjef Harry Lindstrøm i Industridepartementet, hadde Holstad fått handgjeve eit område på 81 dekar ved elva Vikja til fabrikken.

150 nye arbeidsplassar?

Dei første planane gjekk ut på å skape 150 nye arbeidsplassar i Vik. Det Bergen-baserte interimsstyret for Vik Aluminium kom i arbeid i 1962. Forutan Otre, Greve, Gjestdal og Meland, kom den Vikja-fødde HSD-direktøren og politikaren Finn Øen med.

Same året vart det lagt fram planar om ein fabrikk som skulle stå ferdig i 1965, med 100 tilsette og til ein kostnad på 30-35 millionar kroner.

Amerikanske kontaktar

I tida som fylgde, hadde gruppa kontakt med American Metal Climax (AMAX), som dreiv aluminiumsvalseverk i USA. I samarbeid med amerikanarane la dei i 1965 fram ein plan om eit folie- og tynnvalseverk i Vik.

Det statseigde Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) vart invitert til å delta mot at det vart bygd eit kaldvalseverk i Årdal, basert på prosessar som AMAX hadde utvikla.

ÅSV seier nei

Men i staden vart planane møtte med sterk skepsis frå ÅSV, som helst ville stelle med utbygging av aluminiums-industrien i kongeriket utan innblanding frå ivrige idemakarar i Bergen. I 1965 avslo ÅSV å gå inn som aksjonær. Det var på denne tida turbulente tider i aluminiumsmarknaden, og ÅSV grunngav avslaget med at dei måtte ta omsyn til kundane sine i Tyskland.

Men statsverksemda hadde ikkje noko imot at det vart bygd to kaldvalseverk i Årdal og på Sunndalsøra for 25 millionar kroner! Desse kravde ÅSV å stå som eineeigar av - sjølv om dei baserte seg på teknologi utvikla av det amerikanske selskapet. Dei kravde elles at valseverka skulle ha monopol på råstoffleveransar til fabrikken i Vik og til resten av AMAX-gruppa. Prisen ville dei diktere sjølve. Dei ynskte også vurdert andre lokaliseringsstader enn Vik, som dei meinte var både dyrt og utanfor allfarveg. Dei andre stadene som dei ynskte vurdert var Førde, Forus ved Stavanger og Holmestrand.

Politiske alliansar

Slike arrogante haldningar oppfatta interimsstyret i realiteten som eit «nei» frå ÅSV. Einaste utveg for å kome vidare, var å få politikarane til å overstyre det motvillige statsselskapet.

Bergensgruppa var dyktige til å byggje alliansar heilt frå starten av Vik-prosjektet, og sikra seg tidleg støtte frå mektige menn som m.a. departementsråd Karl Olai Skjerdal i Industridepartementet, styreformann i Distriktenes Utbyggingsfond og direktør i Norges Bank Erik Brofoss - og dåverande statssekretær i Industridepartementet, Ingvald Ulveseth.

Då Per Borten si borgarlege samlingsregjering kom til makta i 1965, hadde fleire i interimsstyret sine eigne politiske dører direkte inn til industriminister Sverre W. Rostoft og kommunalminister Helge Seip og deira statssekretærar. Det var desse dørene som no vart nytta for å berge Vik Verk og overstyre ÅSV.

Vik Verk i 1969, kort tid etter opninga av fabrikken. Ukjend fotograf. Eigar: Vik Verk/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Verk i 1969, kort tid etter opninga av fabrikken. Ukjend fotograf. Eigar: Vik Verk/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Industriminister dikterer ÅSV til samarbeid

Høgre-statsråden i Industridepartementet, Sverre Walter Rostoft, pressa ÅSV til samarbeid, ikkje minst etter at partikollegaen hans frå Sogn og Fjordane, Paul Svarstad, hadde vore ein flittig gjest i departementskontora og stilte grunngjevne spørsmål i Stortinget om saka.

I november 1966 kalla industriminister Rostoft styreformann og generaldirektør i ÅSV inn på teppet og bad dei samarbeide - eller så ville Industridepartementet som generalforsamling instruere dei om å samarbeide. Han forma til og med ut eit brev til Vik kommune og AMAX frå ÅSV og bad ÅSV-toppane om å underteikne!

Dette var særdeles sterk kost, og ei makelaus audmjuking av ÅSV-leiinga. Men krisa vart løyst ved at samarbeidsavtalen mellom ÅSV og det canadiske storkonsernet Alcan (sjå Alcan-tida og Hydro) som same året. Der fekk Alcan halvparten av aksjane i ÅSV. Industriministeren syrgde for at Alcan i avtalen plikta seg til å samarbeide om ein vidareforedlingsfabrikk i Vik. Det var duka for ei dotterbedrift av ÅSV i Vik.

Frå opninga av Vik Verk 3. juli 1969. Frå venstre kommunalminister Helge Seip, industriminister Sverre Walter Rostoft, statsminister Per Borten og direktør Hallstein Kjøllesdal. Eigar av foto: Vik lokalhistoriske arkiv.

Frå opninga av Vik Verk 3. juli 1969. Frå venstre kommunalminister Helge Seip, industriminister Sverre Walter Rostoft, statsminister Per Borten og direktør Hallstein Kjøllesdal. Eigar av foto: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vegsikringsutstyr

Prosjektleiar Hallstein Kjøllesdal vart no tilsett i ÅSV for å arbeide spesielt med Vik-prosjektet. I 1968 kom planen om at fabrikken i Vik burde satse på produksjon av vegsikringsutstyr i stål og aluminium. Første byggjesteg kosta 20 millionar kroner og fekk 20 tilsette i starten. Verksemda fekk rundeleg tilskot og lån i Distriktenes Utbyggingsfond, og den 3. juli 1969 vart Vik Verk offisielt opna av statsminister Per Borten, som hadde teke med seg både industriminister Rostoft og kommunalminister Helge Seip i fylgjet sitt frå Oslo.

Sivilingeniør Hallstein Kjøllesdal vart første direktør for Vik Verk.

Ein kjærkomen arbeidsplass

Vik Verk vart ein kjærkomen arbeidsplass. På slutten av 1960-talet nærma den store kraftutbygginga i Vikfalli seg slutten. Her arbeidde det 145 personar frå bygda. Då Vik Verk søkte etter dei første 15 medarbeidarane melde det seg 135 interesserte!

Hallstein Kjøllesdal mellom kommunalminister Helge Seip og statsminister Per Borten.

Hallstein Kjøllesdal mellom kommunalminister Helge Seip og statsminister Per Borten.

120 tilsette etter fem år

I 1971 starta verket også produksjon av akustiske takhimlingar, og fem år etter starten var ein oppe i 120 tilsette. På 1970-talet hadde verket også delproduksjon av utstyr til oljeboringsplattformer og store leveransar av takhimlingar til cruiseskip.

Hydro inn og ut

Norsk Hydro (no Hydro) vart eigar av Vik verk i 1986 i samband med at ÅSV vart slege saman med Norsk Hydro. På slutten av 1990-talet tok Hydro til å avvikle engasjementet sitt i Vik Verk, og selde sine siste aksjar i Euroskilt i Vik i 2003.

Oppdeling i nye selskap

Nye eigarar er komne inn, og verksemda er delt opp i fleire selskap med ulike produksjons- og ansvarsområde: Vik Verk AS, Euroskilt avdeling Vik, Vik Fasade AS, og NORAC avdeling Vik. I 2003 sysselset desse verksemdene til saman 115 personar. Vik Verk disponerer over eit industrianlegg på 12.000 kvadratmeter.

Etter fleire gode år hadde Vik Verk åleine auka til 85 tilsette i 2005.

Vik Fasade AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Fasade AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigaren av Vik Verk, Euroskilt AS, gjekk i 2006 saman med Ørsta-Gruppen, og fekk etter dette namnet Euroskilt Ørsta AS. Seinare bytte konsernet namn til Saferaod AS. Som ein lekk i denne samanslåinga vart Vik Verk og Ørsta Stål slegne saman. Begge verksemdene produserer ulike typar trafikksikringsutstyr. Verksemda i Vik fekk namnet Vik Ørsta. Saferoad AS har avdelingar i fleire land. Konsernet har 32 verksemder og kring 950 tilsette, og har ei omsetning på kring 1.8 milliardar kroner i året (2008). Vik Industrier AS vart skipa i 2004 då Vik Fasade AS og NORAC avdeling Vik vart slegne saman. Dermed vart fasade- og himlingsproduksjonen samla i eitt selskap som i 2009 tel 28 årsverk. Største aksjonær i Vik Industrier AS er Fjord Invest med 34 prosent. I 2012 endra Vik Industrier AS namn til Petal AS og hadde då 28 tilsette. I 2013 kutta Petal AS ut produksjonen av skipshimlingar, og talet på tilsette vart redusert til 16.

Petal AS. Foto: Odd Inge Gjeraker.

Petal AS. Foto: Odd Inge Gjeraker.

Trugsmål om nedlegging av skiltproduksjonen

I 2010 vedtok Euroskilt AS å leggje ned skiltproduksjonen i Vik. Årsaka var at selskapet hadde bygd opp stor kapasitet på fabrikken sin på Vingrom etter ein brann, og at det dermed vart overproduksjon. Hadde vedtaket blitt gjennomført hadde ni arbeidsplassar i Vik forsvunne ved utgangen av 2010. Men Euroskilt AS revurderte avgjerda, og det enda med at skiltproduksjonen i Vik heldt fram med fem tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.02.2013