Hopp til innhold
X
Innhald

HMR Hydeq

HMR Hydeq As. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

HMR Hydeq As. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

HMR Hydeq er ein fabrikk som vart starta i Øvre Årdal i 1988 og heitte opphaveleg Hydeq AS. Verksemda produserer spesialtilpassa transportutstyr og anna teknisk utstyr til aluminiumsindustrien, og har fabrikklokala på 2000 kvadratmeter like ved aluminiumsverket i Øvre Årdal.

HMR Hydeq AS utfører også vedlikehald og service av utstyr på smelteverket, og har såleis teke over mykje av det arbeidet som vart utført av eigne tilsette i ÅSV – seinare Hydro.

Årdals-verksemda leverer også produkt og tenester til andre norske aluminiumsverk og til aluminiumsverk i utlandet.

Verksemda har 40 tilsette og ein omsetning i 2006 på nærmare 87 millionar kroner. HMR Hydeq i Årdal er ein del av eit større konsern som har avdelingar på Sunndalsøra, Husnes og Voss, og dessutan er representert i fleire land både i Europa, Asia og Amerika.

I 2012 vart HMR Hydeq fusjonert med HMR Årdal med namnet HMR Hydeq. Dei to verksemdene fekk stor nedgang i aktiviteten frå 2008 til 2012 som fylgje av nedgang på aluminiumsmarknaden. Talet på tilsette i den fusjonerte verksemda vart i 2012 redusert frå 90 til 70.

Ei tappevogn produsert i Øvre Årdal. Foto: HMR Hydeq.

Ei tappevogn produsert i Øvre Årdal. Foto: HMR Hydeq.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.09.2012