Hopp til innhold
X
Innhald

Hoff & Knutson Transport

Bilparken til Hoff & Knutson Transport. Foto: Tore Fossen.

Bilparken til Hoff & Knutson Transport. Foto: Tore Fossen.

Hoff & Knutson Transport vart starta i 1992 av Arild Hoff og Kjell Arild Knutson. Firmaet driv varedistribusjon med budbilar og lastebilar over det meste av Sogn og Fjordane, mellom anna køyrer dei aviser for Firda.

Firmaet driv og Sogn og Fjordane Flyttebyrå, som Knutson fører vidare frå far sin, Kjetil Knutson. I 2006 flytta firmaet frå Øyrane til eit nytt industribygg på Hornnes.

I 2010 vart Hoff & Knutson aksjeselskap. Firmaet har i 2011 om lag 30 årsverk og har dagleg 26 bilar i drift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016