Hopp til innhold
X
Innhald

Høium Kooperative Innkjøpslag

Forretningsbygget som Høiums Samvirkelag reiste i 1935 er i dag bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Høiums Samvirkelag reiste i 1935 er i dag bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høium Kooperative Innkjøpslag vart starta i 1918 i Høyheimsvik og meldt inn i NKL. Varene vart den første tida kjøpte inn samla og delte ut frå ein «utdelar». Slik heldt laget det gåande til Høiums Samvirkelag vart skipa i 1927.

Etter fleire år i den såkalla «Graoabui» fekk laget eigen butikk i 1935. Same året tok dei over arbeidet til Høyheimsvik Smørlag, som sto for mottak og vidaresal av smør frå bøndene i bygda fram til mjølkebilen tok over frå 1950, og smørkinninga vart lagt ned.

Men laget tok også imot andre jordbruksvarer for vidaresal - m.a. tobakk, som det var stor produksjon av i mellomkrigstida. I 1952 kjøpte laget lastebil for å drive fruktkøyring, men dette vart eit kortvarig og til dels mislukka prosjekt.

Etter fleire år med dårleg drift, gjekk laget inn i det nyskipa Sogn Samvirkelag i 1965.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011