Hopp til innhold
X
Innhald

Holo Gardstun

Frå Holo er det storslege utsyn over Flåmsdalen og til Rjoandefossen på andre sida av dalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Holo er det storslege utsyn over Flåmsdalen og til Rjoandefossen på andre sida av dalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holo Gardstun har frå 2003 foredla sau- og lammeslakt til spekemat, pinnekjøt og lokale spesialitetar. På garden blir den heimelaga maten servert til grupper, men eigarane Lill og Per Dale sel og produkta sine både på bestilling og på lokale marknader.

Holo ligg 470 meter over havet på austsida av Flåmsdalen. Det er opphaveleg tre bruk som vart slegne saman til eitt bruk i 1980. Garden før 40 vinterfora sauer.

På Holo kan grupper bli servert heimelaga mat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Holo kan grupper bli servert heimelaga mat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.05.2011