Hopp til innhold
X
Innhald

Holviks Pensjonat

Holviks Pensjonat i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holviks Pensjonat i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holviks Pensjonat i Måløy vart starta i 1918 av Amanda Holvik, då ho og ektemaken Jonas Holvik overtok den såkalla Arbeidarheimen som eigarane av Moldøen Canning Co. hadde bygd som bustad for tilsette.

Sonen Jørgen Holvik overtok som pensjonatstyrar på 1950-talet, og bygde også pub som seinare vart leigd ut. Dottera Margret Tennebø overtok eigedomen 1990 og dreiv overnattingsdelen til 1996, då den vart lagt ned og huset selt til Hans Ole Thomsen.

I nokre år vart eigedomen driven som Terna Gjestehus.

Hotell i 2010

Bjarte Våge og Fred Ronny Weltzien kjøpte bygningen og investerte 16 millionar kroner, og opna Torget Hotell Måløy i 2010. Hotellet har 17 rom.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.01.2010