Hornindal Autoselskap

Den første lastebilen til Hornindal Auto, ein Chevrolet, kjøpt i 1926. Frå v. Harald Dobakk, Gunnar Dobakk og ukjend. Ukjend fotograf. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Hornindal Autoselskap - Hornindal Auto - vart skipa i 1926, og starta rutekøyring i dalen med ein personbil og ein lastebil.
Selskapet dreiv til 1933, då Hornindal Handelslag overtok lastebilen for å drive eigen vare- og persontransport i bygda.

Ein lastebil av merket Rugles – på folkemunne Ruglesen - som Hornindal Auto også brukte til persontransport. Dette biletet er teke i 1930 då ei gruppe honndøler tok turen til Trondheim. Her kan ein trygt snakke om ”tresmak i baken” etter turen. Biletet er teke under ein stans på Singsås i Gauldalen sør for Trondheim. Foto frå Historisk årsskrift – Hornindal Historielag.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.02.2011