Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindal Handelslag

Det gamle forretningsbygget til Hornindal Handelslag var i bruk til 1959. Ukjend fotograf. Frå Historisk galleri, Lars Lunde.

Det gamle forretningsbygget til Hornindal Handelslag var i bruk til 1959. Ukjend fotograf. Frå Historisk galleri, Lars Lunde.

Hornindal Handelslag vart skipa i 1908. Då tok det over butikklokala som Lars P. Navelsaker (sjå Navelsaker Hotell) tidlegare hadde drive handel i. Handelslaget tok m.a. imot ljåar og navarar frå dei mange smedane i bygda, og selde desse varene vidare over heile landet.

I 1933 overtok handelslaget rutebilane til Hornindal Autoselskap. I 1959 bygde handelslaget nytt forretningsbygg, og det gamle handelslagsbygget vart flytta til Solheim og sett opp som filial der. Handelslaget på Grodås gjekk over til sjølvbetjening i 1966.

Ei tid dreiv Hornindal Handelslag filial i dette huset i indre Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei tid dreiv Hornindal Handelslag filial i dette huset i indre Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inn i storselskap

Handelslaget gjekk i 2005 inn i Coop Nor-Sunn – d.v.s. det regionale samvirkeselskapet som driv dei fleste samvirkelaga i Nordfjord og på søre Sunnmøre.

Coop Nor-Sunn utvida bygget på Grodås for 30 millionar kroner i 2008 med butikklokale og med fleire husvere i 2. etasje. Coop Nor-Sunn gjekk seinare inn i Coop Vest BA.

Coop på Grodås før utbygginga i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop på Grodås før utbygginga i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2011