Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindal Kraftverk

Frå bygginga av kraftverket i Brattejølet i 1913. Av dei fire arbeidarane har vi berre namnet til mannen heilt til høgre, Nils O. Haugen. Foto: Rasmus S. Kirkhorn.

Frå bygginga av kraftverket i Brattejølet i 1913. Av dei fire arbeidarane har vi berre namnet til mannen heilt til høgre, Nils O. Haugen. Foto: Rasmus S. Kirkhorn.

Hornindal Kraftverk vart skipa i 1913 og skal vere det første reint kommunale kraftverket i Sogn og Fjordane. Dette kraftverket stod for forsyninga heilt fram til 1955, men kapasitetsmangel gjorde at det var til dels streng rasjonering.

I 1955 tok Firdakraft over forsyninga i heile kommunen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2011