Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindals Andelsmeieri

Hornindals Andelsmeieri vart skipa etter opptak av Ola R. Svor i 1891 etter at han hadde fått stipend og gått meierikurs i Danmark. Meierilaget dreiv kinning og ysting på fleire setrar innover dalen; på Honndalssetra, i Knutsdalen og på Røyrhussetra. Ved Storebrua på Tomasgard vart det bygd meieri.

Då meieriet vart lagt ned, kjøpte Rasmus S. Sætren bygget, reiv det ned og sette det opp att litt lengre inne i dalen. Her vart det nytta til møbelfabrikk i første etasje og bustad i andre høgda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2011