Hopp til innhold
X
Innhald

Hotel Germania

Den tidlegare hotellbygningen på Egge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare hotellbygningen på Egge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hotel Germania på Egge i Breim vart bygt i 1890 av Klaus A. Egge.
Egge vart overtala til å byggje hotellet av kjøpmann Elias Sølvberg frå Utvik. Han såg utsikter for hotelldrift der når vegen gjennom Våtedalen opna i 1889. Sølvberg leigde hotellet dei første åra. Sonen til Klaus Egge, Arne Egge (1868-1961), tok sjølv over drifta i 1896 og døypte hotellet om til Hotel Egge.

Mellom dei som har overnatta i hotellet er den finske marskalken Carl Gustaf Mannerheim og diktaren Bjørnstjerne Bjørnson. Hotellet var i drift til 1954, men bygningen er teken godt vare på som bustadhus sidan.

I 1914 bygde også Arne Egge kraftverk i Eggeelva slik at hotellet vart forsynt med elektrisk straum.

Hotellet på den tida det heitte Germania.

Hotellet på den tida det heitte Germania.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.10.2010