Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell og gjestgjevarar i Vik

Hopstock Hotell og Hopstockhagen på 1960-talet. Foto Normann. © Fylkesarkivet.

Hopstock Hotell og Hopstockhagen på 1960-talet. Foto Normann. © Fylkesarkivet.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik

Den første gjestgjevaren i Vik var Per Klokkar i 1659.

Hopstock Hotell

Hopstock Hotell på Vikøyri er det eldste hotellet i Sogn og Fjordane med utferda hotelløyve.

Hotell og landhandel i Fresvik

Ola O. Bøthun (1828-1912) bygde eit to-etasjes hotell i Fresvik kring 1890, og dreiv landhandel i kjellaren.

Johan Martin Svendsen

frå Lærdal starta landhandel på Vikøyri i 1868. Då han døydde i 1916, tok sonen Mathias Olai Svendsen over, og dreiv også ei kort tid pensjonat. Frå 1931 dreiv enkja Marta fram til 2. verdskrig.

Christen Ivarson Offerdal

starta landhandel og gjestgiveri i Feios frå 1875.

Rivedals Hotell heldt til i dete huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rivedals Hotell heldt til i dete huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Søren Rivedal.

Søren Rivedal.

Rivedals Hotell

Søren Rivedal (1847-1914) frå Holmedal og Ole Hansson Vange starta landhandel i Vik i 1882. Vange gjekk ut av firmaet etter ei tid. Rivedal bygde i 1894 «Rivedals Hotel». Hotellet vart drive til kring 2. verdskrig. Seinare tok sonen Erling Rivedal over. Han handla også på jordbruksvarer og tok imot vilt for vidaresal. I det gode rypeåret 1913 sende han 1.200 ryper til Bergen. Enkelte av jegrane hadde då skote 40 ryper pr. dag!

Johs. Hove AS

Johannes Hove bygde i 1930 eit etter måten stort forretningsbygg på Vikøyri på ei tomt som han kjøpte frå Hopstock Hotell. I andre høgda dreiv Hove «Gimle Herbyrge og Kafé». Kaféen vart driven til 1960.

Frå bygginga av Målsete Turisthytte i 1936. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Bø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå bygginga av Målsete Turisthytte i 1936. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Bø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Målsete turisthytte

på Vikafjellet vart teken i bruk i 1936 og var bygd av Vik Utferdslag med støtte frå Bergens Turistforening. Som motyting fekk bergensarane nytte hytta i lange bolkar. Målsete Turisthytte vart bygd med stor dugnadsinnsats frå vikjene.

Vangsnes Ungdomsherberge

vart starta i 1953 av Anna og Alfred Skeide.

Butikk og pensjonat på Vangsnes

Odd O. Vangsnes bygde pensjonat og kafé i 1957. Pensjonatet har i 2002 namnet Sognefjord Gjestehus.

Vik Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Camping

på Vikøyri vart starta i 1959 av Mossa og Ole Liljedahl. Plassen har i 2002 åtte hytter og oppstillingsplass for 35 vogner/telt.

Fjellheim Camping

på Vangsnes vart starta ca. 1960 av Olav Fjellheim.

Tveit Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tveit Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tveit Camping

på Vangsnes vart starta i 1972 av Solveig og Olav Fjærestad. Plassen har 10 hytter og 35 plassar for campingvogner/telt.

Djuvik Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Djuvik Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Djuvik Camping

ved Vangsnes vart starta i 1974 av Erik Lidal. Campingplassen er bygd ut med 23 hytter (2002). Sjå bilete øvst på sida.

Solvang Camping på Vangsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solvang Camping på Vangsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solvang Camping

på Vangsnes vart starta på 1970-talet av Odd Vangsnes. I 2002 er det Bjørn Knutsen som driv verksemda, som har to hytter og motell med 12 senger.

Tistel Camping og Feriehytter i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tistel Camping og Feriehytter i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tistel Camping og Feriehytter

i Vik vart starta i 1976 av Ragnhild Tistel. Campingplassen har åtte feriehytter og oppstillingsplass for 12 vogner.

Dampen Pub og Restaurant

vart starta i 1992 av Ivar Johannes Halset.

Zappas

- sjå Dampen Pub og Restaurant.

Dampen Pub og Bistro

- sjå Dampen Pub og Restaurant.

Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Finden Gard

gardsturisme i den veglause Finnefjorden vart starta i 1993 av Laila Lilleøren og Lars Finden.

Sognefjord Gjestehus

I 1997 nyopna Edvard Vangsnes si svigerdotter Kirsten Vangsnes pensjonatet på ny med 17 senger - sjå Butikk og pensjonat på Vangsnes.

Storesvingen Fjellstove

vart starta i 2000 av Randi og Sigurd Holstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011