Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell og landhandel i Fresvik

Hotellet i Fresvik slik det såg ut tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Marta Stokkenes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotellet i Fresvik slik det såg ut tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Marta Stokkenes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ola O. Bøthun.

Ola O. Bøthun.

Ola O. Bøthun (1828-1912) starta landhandel i Fresvik kring 1850. Han bygde eit to-etasjes hotell i Fresvik kring 1890, og dreiv landhandel i kjellaren.

Hotelldrifta vart avvikla på slutten av 1930-talet.

Bøthun-familien dreiv m.a. stort i bærhandel.

Sønene Ola Bøthun og Lars Bøthun dreiv handelen til Sigurd Høgheim tok over i 1947 og dreiv til 1984. Etter eitt års drift med andre eigarar vart butikken lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.06.2011