Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell og pensjonat i Vågsøy

Norlandia Måløy Hotell, tidlegare Hagens Hotell. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Norlandia Måløy Hotell, tidlegare Hagens Hotell. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Hagens Hotell

Ved sida av Hagens Hotell, har det vore tre større overnattingsbedrifter i Måløy: Johnsens Hotell, Ulvesund Hotell og Holviks Pensjonat.

Hagens Hotell

i Måløy var det første hotellet i Vågsøy, grunnlagt i 1887 av Peder Sunde frå Hagevika.

Kaptein Linge Hotell

- sjå Hagens Hotell.

Måløy Hotell

- sjå Hagens Hotell.

Norlandia Måløy Hotell

- sjå Hagens Hotell.

Johnsens Hotell

i Måløy vart grunnlagt kring 1910 av bakar Anders Johnsen, som kom frå Nord-Vågsøy.

Tidlegare Holviks Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Holviks Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ulvesunds Hotell.

Ulvesunds Hotell.

Holviks Pensjonat

Holviks Pensjonat i Måløy vart starta i 1918 av Amanda Holvik.

Terna Gjestehus

- sjå Holviks Pensjonat.

Torget Hotell Måløy

- sjå Holviks Pensjonat.

Ulvesunds Hotell

på Sæternes vart bygt i 1920 av byggmeister Henrik Old Eide.

Totlands Pensjonat

på Bryggja vart starta kring 1935 av Jofrid Totland.

Hotellplanar på Gottebergshammaren

I 1978 skipa det lokale næringslivet Måløy Hotell A/S som fekk utarbeidd planar for eit nytt hotell på Gottebergshammaren. Landslaget for Reiselivet åtvara mot prosjektet og meinte at ein i staden måtte satse på utleigehytter i distriktet. Aksjeselskapet vart oppløyst i 1990.

Totlands Pensjonat på Bryggja heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totlands Pensjonat på Bryggja heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.10.2011