Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell Victoria

Hotell Victoria vart bygt på Rebakken ca. 1885 av Jacob Neumann Hammer frå Utvik. Han kom i sterk konkurranse med nabohotellet Hotel Gordon som var bygt der nokre år før, og dei to hotella dreiv konkurrerande skyssbåtar på Breimsvatnet.

Hammer bygde også hotell på Skei i Jølster – ca. 1 km. sør for sentrum. Dette vart seinare selt og flytta som tilbygg til familien Skredes hotell på Skei (sjå Skei Hotell, Jølster kommune). Hammer gav etter få år også opp hotelldrifta på Reedbakken.

Hotellbygningen vart i 1899 kjøpt av Arne J. Myklebust og flytta til Sandane, der han no står i Øyravegen 7.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2009