Hopp til innhold
X
Innhald

Hotellpionérane Olai og Peter O. Tenden

Tendens Hotel på Faleide.

Tendens Hotel på Faleide.

Tendens Hotel på Faleide vart grunnlagt 1872 av Olai Tenden frå Stryn. Dette var det første eigentlege turisthotellet i Stryn og i Nordfjord i det heile. Fram til då hadde reisande vorte innkvarterte på forholdsvis enkle gjestgiveri ved skysstasjonane, der det var sparsamt med komforten. På Tendens Hotell var det annleis – med ”bymessig” standard.

Olai Tenden var gift inn i den kjende handelsfamilien Brandt på kremmarstaden Tonning. Han var bergensar med slektsrøtene i Stryn, og han hadde starta karrieren sin i Innfjorden som butikkbetjent hjå Brandt før hans satsa på Faleide.

Først med ekte turisthotell

På Faleide kjøpte han først ein landhandel som hadde vore driven frå 1858. Faleide var på den tid endestopp for Amtsbaatane på Nordfjord-ruta, og låg ved Den Trondhjemske Postvei i Stryn, som sidan 1795 hadde kryssa fjorden her. (Sjå: «Bygdesenteret Faleide».)

Faleide i bakleksa

Olai Tenden kjøpte den gamle handelen og gjestgiveriet på Faleide i 1869 og bygde det første, skikkelege turisthotellet i 1872. Han bygde eit nytt hotell med 55 senger i 1884.

Faleide i bakleksa

I den første turisttida gjekk turistane i land frå Amtsbaatane på Faleide, og vart skyssa med lokalbåten ”D/S Faleide” inn til Stryn, Loen og Olden. Dette var ein båt som m.a. turistvertane kring Innfjorden hadde gått saman om. Men då den nye turistvegen over Strynefjellet vart opna i 1894, og Visnes i Stryn fekk dampskipskai, kom Faleide i bakleksa.

Hotel Central vert bygt

Bilentusiasten Peter O. Tenden

Men Olai Tenden ville ikkje la seg utmanøvrere av dette. I 1891 kjøpte han difor lensmannshuset like ved kaia på Visnes, og i 1896 stod det storslagne Hotel Central med sveitsarstil og drakehovud ferdig. Byggmeister var Knut Maurset, og truleg var det bygningsingeniøren Lars Nilsson Sølvberg frå Utvik som hadde teikna bygget. Like ved låg frå før Visnes Hotell.

Bilentusiasten Peter O. Tenden

Peter Tenden, som no hadde overteke Hotel Central på Visnes, hadde vore nokre år i Amerika og fått mange nye impulsar der. Han kom heim med store visjonar om korleis reiselivsnæringa på Vestlandet skulle utviklast med det nye framkomstmiddelet: Bilen. Alt i 1899 lanserte han ein plan om å starte bilrute mellom faren sitt hotell på Faleide, kaia på Visnes og Mindresunde ved Strynevatnet. Tenden var nok føre si tid med slike tankar i 1899, men han fekk starta eit lite, lokalt bilselskap i Stryn nokre år seinare. Dei djupaste spora sette nok Peter O. Tenden etter seg som ei sentral drivkraft for å få starta Fjordenes Automobilselskap i 1914. Dette selskapet fekk konsesjonen på bilruta Vadheim-Førde-Sandane og vart forløparen til Firda Billag. Grunnen til at stryningen Peter O. Tenden engasjerte seg så sterkt i bilrutedrift mellom Vadheim og Sandane var at han rekna med å auke talet på turistar som valde å reise vidare frå Sandane til Visnes etter bilturen frå fylkesbåtkaia i Vadheim.

Visnes hamna i bakevja

Men det gjekk ikkje mange år før det gjekk med Visnes som med Faleide. Staden hamna i bakevja for dei nye turiststraumane. Draumen som hotellbyggjaren Olai J. Tenden hadde om at turistane skulle stoppe på Visnes, slo ikkje til. Då vegen frå Stryn til Loen vart opna i 1906 og vidare til Olden i 1909, stoppa ikkje turistane lenge på Visnes, men reiste direkte inn til hotella i Loen og Olden. Dette vart forsterka av den aukande turistskipstrafikken – dei såkalla flytande hotella - som starta i 1896 med skipet ”Midnight Sun” og ”Argonauth”. Heller ikkje passasjerane på turistskipa såg nokon grunn til å raste eller overnatte på hotella på Visnes før dei vart skyssa vidare på overland-turar.

Selde hotellet til fylket

Hotel Central vart eit tapsprosjekt for Olai J. Tenden og sonen Peter O. Tenden. Frå 1914 hadde han leigd ut hotellannekset til fylket som husmorskule for Nordfjord, og i 1916 gav han seg med hotelldrifta, selde eigedomane sine på Visnes og flytta til Austlandet, der han starta nye hotell.

Ekteparet Walston restaurerte hotellet.

Ekteparet Walston restaurerte hotellet.

Restaurering med komplikasjonar

Etter at husmorskulen flytta til nye lokale på 1960-talet, stod Hotel Central lenge til nedfalls, og kommunen vedtok riving. Men på 1980-talet overtok ekteparet Møyfrid og Michael Walston bygningen og restaurerte den til fordums prakt. No gav dei hotellet namnet ”King Oscars Hall” etter den flotte matsalen i hotellet, der kong Oscar II ein gong sat til bords. Men restaurering og drift av det digre, gamle trebygget skulle vise seg å verte eit tapsprosjekt for ekteparet Walston. Etter mykje usemje og rettssaker mot kommunen gav Walston opp prosjektet. I 2000 kjøpte eigaren av nabohotellet,Visnes Hotell, det gamle Hotel Central, og har sidan freista å drive begge dei to historiske hotella som hotell og selskapslokale.

Les også om: Husmorskulen i Stryn

Hotel Central i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hotel Central i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011