Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger Matstove

Huset til Høyanger Matstove står framleis like ved brua over Daleelva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Huset til Høyanger Matstove står framleis like ved brua over Daleelva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger Matstove var ein særmerkt serveringsstad som heldt til i ei gamal ljorestove flytta frå sørsida av fjorden.

A. C. Eide og Olai Hjetland dreiv frå 1916 matstova ilag, seinare berre Hjetland. Frå 1930 leige Høyanger Ungdomslag stova og dreiv kafeen fram til 1943. Etter krigen dreiv Gunvor Austrheim matstova for Indremisjonen nokre år. Huset står framleis i Høyanger sentrum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.11.2009