Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger Samvirkelag

Coop Mega i Høyanger. Foto: Kjell Arvide Stølen, NRK.

Coop Mega i Høyanger. Foto: Kjell Arvide Stølen, NRK.

Høyanger Samvirkelag vart skipa i 1921 etter initiativ frå Høyanger faglege Samorg. Dei tok over lokala til A/S Høyanger Landhandleri frå 1916 (sjå Landhandlar i Høyanger). Laget starta med 122 medlemer. I 1923 freista private kjøpmenn i Høyanger å knekkje samvirkelaget ved å få alle grossistar i Bergen til å nekte å selje varer til laget. Samvirkelaget måtte difor ei tid få varer frå Trondheim. I 1950 var medlemstalet kome opp i 1160.

På dette biletet frå ca. 1930 ser vi samvirkelaget lengst til høgre, vegg i vegg med butikken til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet frå ca. 1930 ser vi samvirkelaget lengst til høgre, vegg i vegg med butikken til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I tillegg til assortert handel dreiv samvirkelaget bakeri, pølsefabrikk, slakteri og systove. Laget hadde på det meste tre filialar i tillegg til hovudbutikken, og sysselsette kring 70 personar. I år 2000 hadde samvirkelaget ei omsetning på 46 millionar kroner ved butikken i Høyanger. Namnet på laget vart skifta til Coop Høyanger.

Høyanger Samvirkelag hadde filial i dette huset på Sæbøtangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger Samvirkelag hadde filial i dette huset på Sæbøtangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inn i Coop Vest

Coop Høyanger var lenge eitt av dei få frittståande samvirkelaga som var att i Sogn og Fjordane, men i 2012 vedtok eit medlemsmøte i laget at Coop Høyanger skal gå inn i Coop Vest BA (sjå Coop i Sogn og Fjordane).

Tilsette ved Høyanger Samvirkelag - truleg ein gong på 1920-talet. Midt i bakre rekkja står August Gunnarskog, som sat i styret for Høyanger Samvirkelag i 12 år. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 21.01.2014