Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger Trelastkompani A/S

Høyanger Trelastkompani. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger Trelastkompani. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger Trelastkompani A/S vart skipa i 1924 av Andreas Håland og Per A. Øren. Per A. Øren var disponent fram til 1931 då Andreas Håland overtok leiinga.

I 1929 vart firmaet omskipa til aksjeselskap og Olai Hjetland kom med som aksjonær. I 1936 kom også Jens Sørebø inn som medeigar.

Trelastkompaniet utvida lageret med nybygg i 1938. Der var det også plass til eiga sag. Utanom trelasta omsette firmaet også ved, koks og kôl og hadde kring 20 tilsette på 1930-talet. I krigsåra produserte dei ”knott” for gassdrift av bilar.

I 1955 vart A/S Vik Trelastkompani skipa som filial i Vik. Dette trelastlageret var i drift til 1965.

Per A. Øren sin son, Per P. Øren, vart disponent i 1972. Om lag på same tid starta firmaet som bygningsentreprenør og dreiv på med det i kring 15 år. Firmaet dreiv på den tida også eiga røyrleggjarforretning som vart avvikla i 1978, då ”kompaniet” opna møbelforretning. Møbelforretninga vart driven til 2003.

I 1993 starta Høyanger Trelastkompani eiga målarforretning.

Dei eldste bygningane vart rivne på 1970-talet og erstatta med nybygg for butikkar og lager, og det vart bygt kai. Bygningane vart mykje utvida i 1977 og 1985. Per P. Øren sin son Frode overtok som dagleg leiar i 2000.

I 2002 overtok Høyanger Trelastkompani det konkursråka Ørens Hotell. Også den gamle forretningsgarden etter meieriet i Høyanger sentrum vart kjøpt av firmaet i 2000. I dette bygget held m.a. vinmonopolutsalet til.

Høyanger Trelastkompani er tilslutta Bygger´n-kjeda.

– Les elles artikkelen: Forretningsfamilien Øren.

Høyanger Trelastkompani er med i Bygger´n-kjeda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger Trelastkompani er med i Bygger´n-kjeda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2010