Hopp til innhold
X
Innhald

Hundershagen Sagbruk og Høvleri

Odd Hundershagen Sagbruk og Høvleri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Odd Hundershagen Sagbruk og Høvleri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Andreas Hundershagen starta i 1950 sagbruk i Kaupanger med produksjon av kasser og tønnestav. Sonen Odd Hundershagen tok over i 1971, og har spesialisert verksemda på produksjon av spesialtømmer m.a. til restaurering av hus og båtar.

Dei har utstyr til skjering av dimensjonar opp til 80 cm, og tilskjering av naturforma båtspant o.l. På 1990-talet leverte verksemda materialane til rekonstruksjonen av den brannherja Fantoft stavkyrkje.

Odd Hundershagen Sagbruk og Høvleri sysselset i 2003 fire personar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.08.2011