Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Hyllestad

Havyard Leirvik er hjørnesteinsverksemda i Hyllestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Havyard Leirvik er hjørnesteinsverksemda i Hyllestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

*Landhandlar i Hyllestad *Hjørnesteinsverksemda Løland Verft *Oppdrett og fiskeri i Hyllestad

Om saltebuder, laksemottak m.m. - sjå Fiskeri i Hyllestad.

ENKELTOMTALER:

Klebersteinsbrot

I Kleberskaret ved gardane Sandnes og Sellevoll i Skifjorden vart det i gamal tid eit lite klebersteinbrot.

Tøystampe ved Trausdalsvatnet

Ved Trausdalsvatnet aust for Skifjorden var det på 1800-talet bygd sagbruk og tøystampe. Vassføringa var sikra med ei demning i elva. Folk kom langveges frå for å få farga tøyet i denne stampa, som vart nedlagt i 1907. Sagbruket var i drift til 1950-talet.

Forretningsfamilien Wolff i Leirvik

Johan Henrik Frantzen Wolff kom frå Manger i 1855 og starta i 1873 landhandel i Leirvik. Han bygde og Wolffs Pensjonat.

Wolffs Pensjonat

- sjå Forretningsfamilien Wolff i Leirvik.

Smilden Kalkbrænderi

på Smilla ved Åfjorden framstilte både støypekalk og gjødselkalk.

Jon Hansson Gaugstad (1839-1920)

frå Os ved Bergen. Busett på Laberget frå 1890. Der bygde han i 1892 stor sjøbu for handel og sildesalting. Anlegget hadde 30 meter kai.

Bakeri i Skifjorden

Jens Karlson starta på 1890-talet bakeri i Skifjorden. Då han flytta til Holmedal i 1905 tok han verksemda med seg.

Hyllestad Branntrygdelag

vart skipa i 1898.

Ludvig Eikås

(1845 -1923) frå Jølster dreiv smed- og reparasjonsverkstad i Sørbøvåg frå 1902. Han hadde fleire i arbeid og produserte m.a. stolkjerrer. Eikås flytta til Sørbøvåg etter å ha arbeidd i mange år som korpssmed på eksersisplassen i Vik.

Sagbruka ved Storakersundet

Ved Storakersundet utvikla det seg ein blømande sagbruksindustri på byrjinga av 1900-talet.

A. & G. Storaker

- sjå artikkelen Sagbruka ved Storakersundet.

Hyllestad Privatbank

vart starta i 1907 i Hyllestad.

Sparebanken Sogn og Fjordane

– sjå Hyllestad Privatbank

Johannes Eide

bygde i byrjinga på 1900-talet sagbruk og ein liten kassefabrikk på Eide. Sønene Magnus og Petter bygde robåtar og dreiv P. & M. Eide Kloggefabrikk (treskofabrikk) nokre år. Eide bygde kai i 1939 der Fylkesbaatane hadde rutestopp. Verksemda vart lagt ned i 1969.

Kloggefabrikken og kvernhuset på Eide i 1942. © Fylkesarkivet.

Kloggefabrikken og kvernhuset på Eide i 1942. © Fylkesarkivet.

Johannes Nordbø

starta i 1911 bakeri i Sørbøvåg.

Johannes Hatlem

landhandel - sjå Johannes Nordbø.

Industrigründeren Andreas Gjertsen på Salbu

Andreas Gjertsen er ein av dei mest allsidige industribyggjarane i heile Sogn og Fjordane.

Skifjord Trevarefabrikk A/S

Kristian og Aksel Myklebust starta kassefabrikk på garden Myklebust ved Skifjorden på 1920-talet.

Båtbyggeri på Nes

Lasse Akse og sonen Lars dreiv båtbyggeri på Nes i Hyllestad i mellomkrigstida. I 1936 bygde dei gavlbåt til eige garnbruk, og hadde i tillegg ein annan båt på 38 fot.

J. Meyer Jacobsen

starta i mellomkrigstida bakeri og konditori på Salbu. Han dreiv til etter krigen, men bakeriet vart drive av andre eigarar fram til kring 1970. Verksemda heldt til i Aslaug Gjertsens hus på Salbu.

Møllebygningen som Georg Aas sette opp i 1934. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Møllebygningen som Georg Aas sette opp i 1934. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik Mølle

vart starta i 1934 av Georg Aas og vart driva til nokre år etter andre verdskrig. Mølla hadde også korntørkeanlegg. Dei gamle bygingane står framleis ved Bøvassdraget like nord for Leirvik. – Sjå også Skifjorden Mølle under Skifjord Trevarefabrikk A/S.

Lokalt reiarlag

Aksel Mathias Hatlem og Kristoffer Salbu starta i 1934 eit lite reiarlag som dreiv fraktebåtar og rutetrafikk m.a. til Bergen. – Sjå «Lokalt reiarlag dreiv rutetrafikk».

P. & M. Eides Kloggefabrikk

vart starta på Åfjordstranda i 1937. Fabrikken laga både tresko og snørekloggar.

Hjørnesteinsverksemda Løland Verft

Den viktigaste hjørnesteinen i arbeidslivet i ytre Sogn har i over 50 år vore skipsverftet i Leirvik. Havyard Leirvik som skipsverftet heiter i dag, vart skapt av brørne Løland frå Leirvik.

Løland Motorverkstad

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft

Løland Motorverkstad, Jonas Lølands Søner

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.

Kleven Løland AS

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.

Kværner Kleven Leirvik AS

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.

Havyard Leirvik AS

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.

Havyard Elektro AS

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.

Havyard Ship Technology AS

- sjå artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.

Å. Høydal Skoverksted

vart starta i Sørbøvåg i 1939 av Åsmund Høydal.

L/L Svultingen

Interkommunalt kraftselskap skipa 1939.

L/L Hyllestad Kraftlag

Skipa i 1939, og bygde frå 1942 ut forsyningsnettet til heile kommunen i løpet av 1940- og 1950-åra.

Steiestøl Trevarefrabikk

i Trausdalen starta møbelproduksjon i 1940 og sysselsette opptil fem personar. Verksemda vart nedlagd i 1960.

Kristoffer Salbu

starta i 1942 bilverkstad og reparasjon av landbruksmaksiner på Salbu. Han dreiv også lastebiltransport.

Drøsdal Trevareverkstad

i Trausdalen startra møbelproduksjon i 1944 og hadde personar i arbeid. Verksemda brann i 1954 og vart nedlagd.

Bråstad Båtbyggjeri

i Bøfjorden vart starta av Bendik Bråstad i 1944. Han dreiv til 1971. På 1940- og 1950-talet bygde han m.a. fiskebåtar opp til 60 fot.

Øen Samyrkelag

i Sørbøvåg vart skipa i 1947.

Åfjordstranda Skofabrikk A/S

vart starta i 1948 av Magne Haugland, Jens Giil og Petter Eide. Verksemda heldt til på Eide, sysselsette seks personar og produserte både sko og tøfler. Petter Eide hadde tidlegare vore medeigar i P. & M. Eide Kloggefabrikk (sjå denne - skipingsår 1937).

Sørbøvåg Skoverkstad A/S

i Sørbøvåg, 1951 – sjå Å. Høydal Skoverksted.

Førsund Gartneri med utsyn over Bøfjorden og med Kjørneset til høgre. Biletet er teke i 1956. Foto: Reidar Førsund. © Fylkesarkivet.

Førsund Gartneri med utsyn over Bøfjorden og med Kjørneset til høgre. Biletet er teke i 1956. Foto: Reidar Førsund. © Fylkesarkivet.

Hallvard Førsund

bygde gartneri i Leirvik i 1951. Førsund Gartneri hadde også blomeutsal i Leirvik, men gjekk konkurs i år 2000.

Johan Lien Skoverksted

1962 – sjå Å. Høydal Skoverksted.

A/S Jarl Skofabrikk

A/S Jarl Skofabrikk i Dale dreiv ei tid på 1960-talet ein filial med 12-15 tilsette i Skifjorden. Avdelinga heldt til i butikklokala på Bjørnestad og dreiv såkalla nåtling, d.v.s. sying av ferdig utstansa skinn som vart tilsendt frå Dale og returnert dit etter sying.

I det øvste huset på dette biletet dreiv Jenny Kleiven Solhaug Pensjonat.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I det øvste huset på dette biletet dreiv Jenny Kleiven Solhaug Pensjonat.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solhaug Pensjonat

vart starta i Sørbøvåg i 1963 av Jenny Kleiven. Ho dreiv pensjonatet til ho døydde i 1977. Sidan har huset delvis vore utleigd til turistar.

Solås Plast AS

Skipa i Skifjorden i 1964. Verksemda produserte plastbåtar og kjølekummar for meieri m.m.

Skico-Plast A/S

Skico-Plast A/S i Skifjorden, vart skipa i 1964.

Jo-Ry Bygg

Johannes Ryland starta i 1965 som byggmeister i Sørbøvåg.

Jo-Ry Byggmarked

- sjå Jo-Ry Bygg.

Nye Byggmontering AS

- sjå Jo-Ry Bygg.

Birkeland Mekaniske

på Byrkjeland vart starta som bilverkstad i 1968 av Arne Birkeland, og vart avvikla i 1993. Magne Buene og Fred Hyllestad leigde verkstaden frå 1994 for firmaet MF Bil og Oppretting.

MF Bil og Oppretting

- sjå Birkeland Mekaniske.

Rysjedal Elektro

Rysjedal Elektro AS i Leirvik vart starta i 1979 av slektningane Anders, Oddvar, Ove og Magnar Rysjedal.

RH Elektro

- sjå Rysjedal Elektro.

HAFS Elektro AS

- sjå Rysjedal Elektro.

Hatleberg Bil & Maskin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hatleberg Bil & Maskin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hatleberg Bil & Maskin AS

i Hyllestad vart starta i 1982 av Kjell Hatleberg. Verksemda sel landbruks- og skogsmaskiner og driv reparasjon av bilar og landbruksmaskiner, samt bensinstasjon.

Leirvik Senter

vart bygt i 1986 som felles handelssenter og kontor for fleire verksemder. Bygget er på 1800 kvadrat og rommar tre butikkar og to kontorverksemder.

Leirvik Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Teksttelefonen

vart starta av Telenor ved Leirvik stasjon i 1986 og gav arbeid til 20 personar. Som ein kompensasjon for nedleggjing av manuelle sentralar, fekk Leirvik i 1986 ein av tre slike stasjonar i Noreg. I 2006 vart mannskapet halvert fordi det vart mindre etterspurnad etter slike teletenester, og i 2007 vart tenesta lagd ned.

Leirvik Kro og Motell A/S

vart skipa i 1986 av Laila Feten, første åra som kro, og frå 1996 i nybygg med kro og motell med 22 senger.

Keramikkverkstad

Phil og Eileen Sowerby frå England starta keramikkverkstad i Hyllestad i 1969. Etter at Eileen døydde i 1993, førde Phil produksjonen vidare til 1999. Dottera Grethe Helen har drive eigen verkstad på Sætre under firmanamnet Pixie Sowerby Keramikk sidan 1999.

Pixie Sowerby Keramikk

sjå over om «Keramikkverkstad».

Hyllestad Granitt A/S

Hyllestad Pukk

Hyllestad Pukk

starta 1993 etter opptak frå Steinar Drøsdal. Utnytting av bergarten granidioritt mellom Lifjorden og Sognefjorden.

Åfjordstein

Åfjordstein

Hyllestad Pukk A/S

har sidan 1998 skipa ut grus frå Straumsnes i Lifjorden.

Åfjordstein

vart starta i i Hyllestad i 1998 av Torbjørn Løland. Verksemda produserer smykke, pynte- og bruksting av granatglimmerskifer (sjå video øvst på sida, og «Kvernsteins-bygda»).

Åfjordstein. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åfjordstein. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arne Gunnar Lundekvam starta Distub 2000.

Arne Gunnar Lundekvam starta Distub 2000.

Distub 2000

Dataforretning som vart starta på Løland i 1996 av Arne Gunnar Lundekvam. Har etter kvart vorte ei av dei største innan databransjen i fylket. Verksemda sel maskiner, programvare, rekvisita og kontormøblar, og yter også konsulenttenester. I 2001 hadde verksemda fire tilsette og ei omsetning på 16 millionar kroner.

AS Veidekke

starta i 1997 med uttak av stein på Sognnes. Det blir årleg teke ut 160.000 tonn frå steinbrotet. Det er også ein mobil asfaltfabrikk der. I 2012 søkte Veidekke om å få utvida steinbrotet frå 80 til 155 dekar.

Pro-Tek AS

på Løland er ei ingeniørverksemd som vart skipa av Asbjørn Lylund og Trygve Solaas i 2002. Den yter ingeniørtenester til maritim og landbasert industri, leiger lokale hjå Distub 2000 (sjå over) og har i 2003 tre tilsette.

Systaddal IT-service

vart skipa i 2005 av Joakim Systaddal. Verksemda held til i Leirvik og har tre tilsette.

Horne Maskin AS

entreprenørselskap, vart starta i 2012 med Halvor Horne som dagleg leiar.

Microskade AS

vart starta i 2012 med Fred Åge Hyllestad som dagleg leiar. Firmaet driv med reparasjon av bilar, båtar og maskinar, bilpleie og utleige av køyretøy.

MultiVolt AS

vart etablert i 2013 då Tore Bråstad og Jan-Helge Lekva slo saman selskapa Braastad Consult og JHL Elektro til eitt selskap. Elektrofirmaet hadde tre tilsette i starten, men har som mål å vekse til 30 tilsette i løpet av fem år. I 2014 kjøpte MultiVolt AS Fjaler-firmaet Blikås Elektro med åtte tilsette.

Tore Bråstad (i midten) saman med to tilsette, t.v. Sondre Kjelstad, t.h. Thomas Nyland Tonning. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Tore Bråstad (i midten) saman med to tilsette, t.v. Sondre Kjelstad, t.h. Thomas Nyland Tonning. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2014