Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Jølster

Turisme har sidan slutten av 1800-talet vore ei av dei viktigaste næringane i Jølster. Dette biletet er frå 1897 og viser Skei Hotel og dampbåten Skjold som gjekk mellom Skei og Vassenden.

Turisme har sidan slutten av 1800-talet vore ei av dei viktigaste næringane i Jølster. Dette biletet er frå 1897 og viser Skei Hotel og dampbåten Skjold som gjekk mellom Skei og Vassenden.

MENYAR

*Overnattingsstader i Jølster *Meieria i Jølster

ENKELTOMTALER:

Joachim Sivertsen

frå den kjende «hotell-familien» på Sandane starta landhandel på Skei kring 1840.

Hans Zakariasson

starta landhandel same stad i 1865.

Sigurd Klakeg landhandel

på Skei vart grunnlagd i 1882 av Anders Sjurson Klakeg.

Krambua

daglegvarehandel på Skei - sjå Sigurd Klakeg landhandel.

Meieria i Jølster

På få år grodde det opp til saman 26 større og mindre bygdemeieri i Jølster kommune.

Ivar Hylderaas

(1857–1957) frå Voss var omreisande skreppekar (handelsmann), og starta ca. 1894 landhandel på Vassenden

Gunnar Hylderaas

landhandel i Sanddalen - sjå Ivar Hylderaas.

Gunnar Hylderaas landhandel i Sanddalen var i drift til 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gunnar Hylderaas landhandel i Sanddalen var i drift til 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. K. Sunde

Andreas Knutsson Sunde frå Sunde starta i 1896 landhandel på Ålhus under firmanamn A.K. Sunde.

Jølster Sparebank

vart grunnlagt i 1900. Sparebanken heldt dei første åra til i Årdal. No er banken ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane og har avdelingar på Skei og Vassenden.

Sparebanken Sogn og Fjordane

i Jølster - sjå Jølster Sparebank.

Fe og hestehandel

Anders Eikås frå Eikås dreiv som fehandlar kring år 1900. Bertil J. Årdal frå Årdal var på same tid registert som hestehandlar.

Kristen Sørenson Årdal

dreiv kring 1900 fargeri i Årdal.

Jølster Brandforsikringsselskab

vart skipa i 1902. I tillegg til forsikring, dreiv dette branntrygdelaget med førebyggjande arbeid: Like etter krigen kunne dei stolt fortelje at dei disponerte ni firemanns handsprøyter fordelt kringom i kommunen.

Nikolai B. Kvammen

(1875–1932) starta i 1907 som landhandlar på Eikås.

J.N. Aardal landhandel

i Årdal vart starta i 1913 av Johan N. Aardal.

Jølster Kommunale Automobilselskap

Då staten i 1918 lova støtte til lokale vareruter, nytta jølstringane høvet til å skipe sitt eige kommunale bilselskap.

Befring A/S heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Befring A/S heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Befring A/S

Befring A/S landhandel på Veiteberg i Stardalen vart grunnlagd i 1919 av Sigurd Z. Befring. Butikken flytta inn i eige bygg i 1923. Seinare vart butikken i Stardalen overteken av Jølster Samvirkelag, med Befring som filialstyrar dei første åra. Samvirkelaget la ned avdelinga i 2007.

Jølster Samyrkelag

avdeling Stardalen - Sjå Befring A/S.

Andreas B. Aardal

starta landhandel i Årdal kring 1920.

Johannes Årdal

bilverkstad - Sjå Andreas B. Aardal. Framhaldet av denne verksemda er Jølster Bil AS.

Hans Astrup

starta den første sølvrevgarden i Jølster på Ålhus i 1925. – Sjå elles Pelsdyrnæringa stor i Jølster.

Pennalfabrikken laga m.a. pennalet Sjølhjelpa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Pennalfabrikken laga m.a. pennalet Sjølhjelpa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Pennalfabrikken

Pennalfabrikken med det offisielle namnet ”Brørne Eikås Trevareindustri”. vart starta ved Flugelona på Vassenden i 1927.

Brørne Eikås Trevareindustri

– sjå Pennalfabrikken.

Anders Helgheim

starta skreddarforretning på Skei i 1929. Fabrikken hadde ei tid opptil seks tilsette.

Kr. Myklebust Landhandel

på Myklebust vart grunnlagt i 1930 av Kristian Myklebust. Forretninga vart driven til 1991. Sonen til Kristian, Eivind Myklebust, har sidan 1976 drive som kjøpsmannskonsulent for nærbutikkar.

Kr. Myklebust landhandel var i drift til 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kr. Myklebust landhandel var i drift til 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leif Gåsemyr

starta 1933 bakeri på Skei. Han hadde to personar i arbeid, og leverte bakarvarer til Indre Jølster.

Jakob Sunde

starta i 1935 skreddarverkstad på Vassenden. I 1947 bygde Sunde nytt forretningsbygg. Verksemda hadde fem tilsette, og dreiv også manufakturforretning der dei m.a. selde ferdigsydde klede.

Espehaug Tinnstøyperi

på Vassenden vart grunnlagt 1936 av Arthur og Erling Espehaug. Støyperiet laga m.a. krokar, knappar og spenner for bunader, med særskilde mønster for dei ulike bunadane.

Coop Jølster BA på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Jølster BA på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølster Samyrkelag

på Skei vart grunnlagt i 1936. Seinare vart namnet endra til Jølster Samvirkelag.

Jølster Samvirkelag

- sjå Jølster Samyrkelag.

Coop Jølster BA

- sjå Jølster Samyrkelag.

Nærbutikken Ålhus

- sjå Jølster Samyrkelag.

Jølster Meieri

på Ålhus vart skipa i 1939. Byggeplanane var klare, men på grunn av krigen vart ikkje bygget ferdig før i 1950. Les meir under Meieria i Jølster.

Johan Lunde

starta i 1939 trevarefabrikk på Skei. Verksemda sysselsette tre personar, og produserte dører, vindauge og trapper. Dei produserte også vevstolar.

Coop Marked på Vassenden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked på Vassenden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vassenden Samyrkelag

vart grunnlagt i 1945, og forretninga opna i 1947. I tillegg til vanleg landhandel tok samyrkelaget imot om omsette smør, ost, ull, skinn og andre jordbruksprodukt. Forretninga vart seinare ein del av Førde Samyrkelag, og er i dag ei avdeling under Coop Vest BA.

Coop Vest BA

- sjå Vassenden Samyrkelag.

Alf Helgheim

starta 1946 ur- , optikk- og fotoforretning på Helgheim. Butikken vart seinare flytta til Skei.

Alf Helgheim & Co

- sjå Alf Helgheim.

Audhild Vikens Vevstove. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Audhild Vikens Vevstove. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Audhild Vikens Vevstove

Audhild Vikens Vevstove på Skei vart grunnlagt i 1947 av Audhild Viken. I dag har firmaet vakse til ein av dei store kjedene i landet for husflidsprodukt og gåver.

Hans Viken

starta entreprenørforretning på Skei i 1948. Han dreiv sprenging og grunnarbeid og hadde kring fem tilsette.

Johannes Aardal

bilverkstad - sjå Andreas B. Aardal.

Vassenden Dampbakeri

vart starta i 1954 av Alf Schei.

Jølster Bakeri

- sjå Vassenden Dampbakeri.

LeFi Bakst A/S

- sjå Vassenden Dampbakeri.

Skei Servicesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skei Servicesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skei Servicesenter

vart grunnlagt i 1958 av Jorulf Fugle, og sidan 1986 drive av Ola Fugle. Senteret driv bensinstasjon, skysstasjon for rutebilane, kro og campinghytter, og sysselsette i år 2000 på årsbasis sju årsverk.

Jølstraholmen Senter A/S

- sjå Jølstraholmen Camping.

Jølstraholmen Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølstraholmen Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Aasen Hyttebygg

på Vassenden vart grunnlagt i 1968 av Kåre Åsen.

Jølster Bygg AS

- sjå Aasen Hyttebygg.

Vestlandske Felleskjøp

starta avdeling på Skei i 1969 for sal av landbruksmaskinar.

Felleskjøpet Agri

- sjå Vestlandske Felleskjøp.

Ivar A. Sunde AS

entreprenørfirma på Vassenden vart starta av Ivar A. Sunde i 1970.

Jostein Sunde Maskinentreprenør AS

på Skei vart starta i 1976 av Jostein Sunde.

Jølster Rør AS

på Skei vart grunnlagt i 1979 av Trond Aardalsbakke. Verksemda sysselset fire personar.

Jølster Bil AS

vart starta i Årdal i 1990 av Nils Huus.

Årdalsbakke Elektro AS

på Skei vart starta av Svein Årdalsbakke i 1991 av Svein Årdalsbakke.

Norsk Fiskesenter AS

på Vassenden vart skipa i 1992 av eigaren av Jølstramuseet, Eivind Fossheim d.y. Senteret driv som reisearrangør og tilretteleggjar av sportsfisketurar og kurs i sportsfiske.

Jølster Betongbygg AS

vart skipa i 1996 av Ottar Berg m.fl. I 2000 vart Berg eineeigar.

Berg Eigedom AS

– sjå Jølster Betongbygg AS.

Eigedomsfornyelse AS

- sjå Jølster Betongbygg AS.

Sunnfjord Kran og Transport AS

– sjå Jølster Betongbygg AS.

Jølster Anleggsservice AS

– sjå Jølster Betongbygg AS.

Rafting i Jølstra. Foto: Erik K. Steinset.

Rafting i Jølstra. Foto: Erik K. Steinset.

Jølster Rafting AS

vart skipa i 1997 og hadde frå starten sju eigarar.

Jølster Eigedomsselskap AS

– sjå Ivar A. Sunde AS.

Myklebust Kunst & Handverk AS

på Myklebust vart skipa i 2002 av Knut M. Olsen m.fl.

Jølster Design AS

- sjå Myklebust Kunst & Handverk AS.

Jølster Breiband AS

vart skipa i 2002 av Joar Dvergsdal m.fl. Selskapet har spesialisert seg på å byggje ut trådlaust breiband til utkantkundar.

Jølstraauren

Jølstravatnet er eitt av Noregs beste fiskevatn. Frå gamal tid har det vore drive næringsfiske etter aure i vatnet.

Jølsterlia

fiskemottak - sjå Jølstraauren.

Dvergsdal og Sunde Bygg AS

entreprenørselskap på Skei vart skipa i 2003 av André Sunde, Narve Dvergsdal, Trond Dvergsdal og Øyvind Johannessen. Verksemda hadde i 2007 14 tilsette og ei omsetning på kring 55 millionar kroner. Entreprenørselskapet har seinare flytta hovudkontoret til Førde, og har og avdeling i Eid og Sogndal. I 2011 var talet på tilsette auka til 44. Les meir i artikkelen Dvergsdal & Sunde Gruppen AS under Førde kommune.

BP Maskin DA

maskinstasjon vart starta i Stardalen i 2007 av Pål Befring og Bård Arne Svidal. Firmaet driv leigekøyring og utfører m.a. slåtten for andre gardbrukarar.

Tollpost Globe AS

avgjorde i 2012 at selskapet skal byggje ein stor godsterminal på Skei. Denne terminalen skal kome i staden for dei tre terminalane selskapet har i Sogndal, Førde og Stryn. Terminalen var klar til bruk i 2014 med ni tilsette. I mellomtida har Tollpost Globe AS skifta namn til Postnord Logistics.

Postnord Skei-foto Eldgrim Fossheim.jpg?w=600

Postnord Skei. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.


Landbruket har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i Jølster. Dei siste åra har mange bønder gått saman om å byggje fellesfjøs, som her i Stardalen. Fellesfjøset er bygningen til høgre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landbruket har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i Jølster. Dei siste åra har mange bønder gått saman om å byggje fellesfjøs, som her i Stardalen. Fellesfjøset er bygningen til høgre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.08.2015