Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og verkstader i Høyanger

Sidan 1919 har det vore skipa ut aluminium frå Høyanger. Her er det Wilson-båten Lindo som blir lasta med metallet som har gitt Noreg verdfulle eksportinntekter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sidan 1919 har det vore skipa ut aluminium frå Høyanger. Her er det Wilson-båten Lindo som blir lasta med metallet som har gitt Noreg verdfulle eksportinntekter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Shoddyfabrikken i Vadheim

Peder Larsen starta i 1872 ein liten shoddyfabrikk ved Dyrneslielva (Sagelva) i Vadheim.

Vadheim Brusfabrikk

- sjå Christian Vik - ein allsidig forretningsmann.

Vadheim Elektrochemiske Fabrikker

Ved sida av British Aluminium Company sitt aluminiumsverk i Stongfjorden, var Vadheim Electrochemiske Fabrikker den første kraftkrevjande industrien i Sogn og Fjordane då den starta i 1907.

Norsk Aluminium CO - NACO

I 1916 starta anleggsarbeidet på det som omskapte den avisidesliggande Høyangsfjorden til industribygda Høyanger. I 1919 starta produksjonen av aluminium.

Årdal og Sunndal Verk (ÅSV)

- sjå Norsk Aluminium CO - NACO

Hydro Aluminium Høyanger Metallverk (Hydro)

- sjå Norsk Aluminium CO - NACO

Produksjonsstart i C-hallen på Høyanger verk i april 1965, med høge herrar i hatt og frakk som tilskodarar. Foto frå Hydro-arkivet.

Produksjonsstart i C-hallen på Høyanger verk i april 1965, med høge herrar i hatt og frakk som tilskodarar. Foto frå Hydro-arkivet.

Hansen & Sønn Blikkenslagerverksted

vart starta på 1920-talet av Karl Hjalmar Hansen.

Elling Thingestad

starta bensinstasjon på Sæbøtangen i Høyanger tidleg på 1930-talet.

P. Rødahl

bensinstasjon - sjå Elling Thingestad.

Johannes Lien

frå Førde starta bilverkstad i Vadheim på 1930-talet.

Vadheim Servicesenter AS

– sjå Johannes Lien.

Gallefoss Bruk

- sjå Johannes Lien.

Vadheim Bensin og Service

- sjå Johannes Lien.

Ortnevik båtbyggeri

vart starta i 1940 av Hjalmar G. Hovland. Sjå Gjestgiveri og handel i Ortnevik.

Cellulosefabrikken VeTreFo i Vadheim fekk ei svært kortvarig historie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Cellulosefabrikken VeTreFo i Vadheim fekk ei svært kortvarig historie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

VeTreFo

i Vadheim vart starta i 1959 - sjå Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo.

Vadheim Næringspark

- sjå Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo.

Berentsen Tekstilservice

- sjå Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo.

Østerbø Maskin A/S

vart skipa i 1974 av Arne Olav Østerbø og er ei av dei store verksemdene på Høyanger sørside.

Arne Østerbø Reparasjonsverkstad

- sjå Østerbø Maskin A/S.

Slugfabrikken

i Høyanger vart starta i 1972 som ei erstatning for at oksydfabrikken vart lagd ned to år tidlegare.

Dei (førebels) siste felgane som vart produserte på Fundo, 12. februar 2009. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Dei (førebels) siste felgane som vart produserte på Fundo, 12. februar 2009. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Felgfabrikken Fundo

I 1972 kom bilfelgfabrikken Fundo til Høyanger. Dette var største satsinga på vidareforedling av aluminium i Sogn og Fjordane til då, og Fundo vart den nest største arbeidsplassen i Høyanger etter aluminiumsverket. I 2009 gjekk felgfabrikken konkurs, og produksjonen vart stansa.

Fundo Wheels

- sjå Felgfabrikken Fundo.

Fundamus

- sjå Felgfabrikken Fundo.

Saint Jean Industries

- sjå Felgfabrikken Fundo.

Torbjørn Lavik

starta bensinstasjon i Lavik i 1988 då han overtok Esso-stasjonen etter firma Ivar T. Kvammen.

Lavik Auto Senter AS

– sjå Torbjørn Lavik.

Nye Lavik Senter

– sjå Torbjørn Lavik.

Høyanger Bil AS har halde til i denne bygningen på Hjetland sidan 2000. Foto: Helge Nedberge.

Høyanger Bil AS har halde til i denne bygningen på Hjetland sidan 2000. Foto: Helge Nedberge.

Høyanger Bil AS

vart skipa i 1991 av brørne Helge Anders og Arne Idar Nedberge. Fram til 2000 var namnet Høyanger Bil og Karosseri. Verksemda har forhandla det koreanske bilmerket Kia sidan det vart etablert i Norge i 1994 og har i 2014 fem tilsette.

Høyanger Bil og Karosseri

- sjå Høyanger Bil AS.

Overflateteknikk AS

vart skipa i Høyanger i 2002 av dagleg leiar Jonny Litzheim med fleire.

SafeClean AS

- sjå Overflateteknikk AS.

Eras Metal AS

vart skipa i 2003 og starta frå nyttårskiftet 2003/2004 ein fabrikk for attvinning av sink frå stålproduksjon.

Energy Recycling AS

– sjå Eras Metal AS.

Scan Arc ASA

– sjå Eras Metal AS.

Pro Val Partners SA

– sjå Eras Metal AS.

Nyrstar

– sjå Eras Metal AS.

Vadheim Næringspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim Næringspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim Industrier AS

vart skipa i 2006 for å produsere eit spesielt stoff som skal suge opp væta i fiskekasser. Verksemda var leia av Knut Rødsæther, hadde fem tilsette og heldt til i Vadheim Næringspark der den tidlegare treforedlingsfabrikken VeTreFo låg. Vadheim Industrier gjekk konkurs i 2009.

Tape Invent AS

i Vadheim vart skipa i 2004 av Tor Arne Skeie, Odd Arne Larsen og Frank Lian.

A og J Bjordal

maskinentreprenørar vart starta i Bjordal i 2006 av Atle Bjordal og Jan Arild Bjordal. Dei hadde drive kvar for seg nokre år før dei slo seg saman til eitt selskap.

Tracksa AS

vart starta i Vadheim i 2007.

Carbontech

har planar om å byggje ein fabrikk i Høyanger.

Nordic Power Systems

skal byggje brenselcellefabrikk på Kyrkjebø.

Cool Flame Technologies

- sjå Nordic Power Systems.

Bilfinger Høyanger

er namnet på eit firma som leverer tenester til m.a. Hydro Høyanger Metallverk.

Polarlys AS

i Vadheim vart starta av Arvid Beinnes i 2012. Han tok til i eit hus på garden sin, men i september 2013 flytta dei til den gamle vegstasjonen i Vadheim. Verksemda produserer m.a. lysutstyr for livbåtar i Nordsjøen.

Arbeidarmonumentet i Høyanger. I bakgrunnen Industrimuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arbeidarmonumentet i Høyanger. I bakgrunnen Industrimuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2014