Hopp til innhold
X
Innhald

Industrisuksessen Pre Tre AS

Pre Tre AS på Langesethøgda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pre Tre AS på Langesethøgda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Takstolfabrikken Pretre AS har vorte ein av dei store industrisuksessane i Stryn, med fabrikkar spreidde over heile Sør-Noreg.

Det starta i 1976 då Gunnar og Kåre Svarstad starta takstolfabrikken Svarstad Bygg AS på Faleide. Dei tok då over eit sagbruk som hadde vore drive av Isak Svarstad og deretter av Paul Svarstad.

Verksemda endra namn til Norsk Pretre AS, seinare til berre Pretre AS. I 2001 flytta Pretre inn i nytt produksjonsbygg på 3.000 kvadratmeter på Langesethøgda. I 2008 hadde selskapet 35 tilsette i Stryn. Ingeniørtenestene er skilde ut i dotterselskapet Constructia AS med fire tilsette i Stryn. Frå 1998 til 2001 dreiv verksemda ei avdeling i Ørsta i leigde lokale.

Tidlegare Svarstad Bygg på Faleide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Svarstad Bygg på Faleide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sidan 1999 har Pretre AS gjort ei rad oppkjøp og investeringar i takstolfabrikkar fleire stader i landet: I 1999 kjøpte dei eit anlegg i Steinkjer, Pretre Steinkjer AS. Pretre hadde også ein fabrikk i Frei i Romsdal, Pretre Frei AS.

Den største fabrikken er likevel Pretre Gausdal AS, der konsernet har investert 60 millionar kroner i det som er den største takstolfabrikken i Noreg. Fabrikken stod ferdig i 2010 og skal produsere opp til 120.000 takstolar i året.

I 2011 avvikla firmaet produksjonen i Frei og starta ny verksemd i Tvedestrand. I 2013 har Pretre AS 69 årsverk, av desse er 41 i Stryn, 14 i Gausdal, ni i Steinkjer og fem i Tvedestrand. Omsetnaden i 2013 er estimert til 180 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.02.2013