Hopp til innhold
X
Innhald

Industriuksessen Pre Tre AS

Takstolfabrikken Pre Tre AS har vorte ein av dei store industrisuksessane i Stryn, med fabrikkar spreidd over heile Sør-Noreg.

Det starta i 1976 då Gunnar og Kåre Svarstad starta takstolfabrikken Svarstad Bygg AS på Faleide. Dei tok då over eit sagbruk som hadde vore drive av Isak Svarstad og deretter av Paul Svarstad. Verksemda endra namn til Norsk Pre Tre AS, seinare til berre Pre Tre AS.

I 2001 flytta Pre Tre inn i nytt produksjonsbygg på 3.000 kvadratmeter på Langesethøgda. I 2008 hadde selskapet 35 tilsette i Stryn. Ingeniørtenestene er skilde ut i dotterselskapet Constructia AS med fire tilsette i Stryn. Frå 1998 til 2001 dreiv verksemda ei avdeling i Ørsta i leigde lokale.

Sidan 1999 har Pre Tre AS gjort ei rad oppkjøp og nyinvesteringar i takstolfabrikkar fleire stader i landet: I 1999 kjøpte dei eit anlegg i Steinkjer, Pre Tre Steinkjer AS. Pre-Tre har også ein fabrikk i Frei i Romsdal, Pre Tre Frei AS.

Den største fabrikken er likevel Pre Tre Gausdal AS, der konsernet skal investere 60 millionar kroner i det som vert den største takstolfabrikken i Noreg. Fabrikken skal stå ferdig i 2009–2010 og skal produsere opp til 120.000 takstolar i døgnet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008