Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvald Tennebø

S. Tennebø Rør. Foto: Ottar Starheim, NRK.

S. Tennebø Rør. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingvald Tennebø starta røyrleggjarforretning og mekanisk verkstad i Måløy kring 1918. Han hadde mange tilsette då han fekk store oppdrag av kommunen med å leggje hovudvassleidningane i Måløy bygningskommune.

I 1922 kjøpte han eit hus på Midtgård og flytta Tennebø Mekaniske Verksted og Rørleggerforretning dit. Dei fire sønene Ingolf, Sverre, Arthur og Gunnar vart tilsette i verksemda.

I 1986 overtok Kjell Nord og Svein Turøy firmaet og dreiv til 2007 med opp til 12 tilsette, no under firmanamnet S. Tennebø Rør AS.

I 2007 tok Elling Tjønneland, Roger Vedvik og Ingunn Nore over verksemda som no har fem tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.02.2010