Hopp til innhold
X
Innhald

Innvik Sparebank

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Innvik. Bankbygningen frå 1960 nærmast. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Innvik. Bankbygningen frå 1960 nærmast. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik Sparebank vart grunnlagd i 1881. Medlemene i det første styret var Johan Langved, E. Sølvberg, Anders H. Faleide, Anders H. Øyestad, Rasmus S. Eide og Anders O. Bruvoll.

I 1910 kjøpte sparebanken det tidlegare hotellet til Olai J. Tenden (sjå denne) på Faleide. Her fekk både banken og kommuneadministrasjonen i tidlegare Innvik kommune plass.

Sjølv om det var sparebankar både i Stryn og Hornindal hadde Innvik Sparebank mange kundar i Hornindal og i Loen. M.a. hadde banken ”Markenes hesteassuranseforening” og ”Hornindal Kommunes Kjelefond” som innskytarar.

I 1937 vart det vedteke å flytte både kommuneadministrasjonen og sparebankkontoret frå Faleide til Innvik, men krigsåra gjorde at planen for banken sin del vart lagd til side. I 1957 vart det gjort vedtak om å byggje eige bankbygg i Innvik, og bygget der vart teke i bruk i 1960. Men sparebanken heldt framleis oppe filialen på Faleide på nordsida av fjorden.

I 1988 vart Innvik Sparebank innlemma i Sparebanken Sogn og Fjordane, og vart då formelt ein filial under bankavdelinga i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011