Faktaboks

Etymologi

av Vík(r)

Innbyggjartal
428 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
Tettstadsnummer
5732 Innvik
Innvikfjorden
Innvikfjorden.

Innvik er ein tettstad i Stryn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 428 innbyggjarar (2023).

Innvik tettstad ligg på sørsida av Nordfjorden. Tyngda av busetnaden ligg på terrassar langs fjordsidene. I Innvik finst jordbruk, skogbruk og hagebruk, konfeksjons- og tekstilindustri, mekanisk verkstad og sagbruk. Det er ein del turisttrafikk. Riksveg 60 går langs fjorden forbi Innvik.

Innvik kyrkje er ei åttekanta trekyrkje som vart oppført i 1822 med eineståande preikestol frå 1617.

Innvik kommune

Innvik var tidlegare eigen kommune som først omfatta heile Indre Nordfjord.

I 1843 vart Stryn skilt ut, og i 1965 vart Innvik slått saman med Stryn igjen, men no vart namnet til den nye kommunen Stryn. Innvik utgjorde 511 kvadratkilometer ved samanslåinga.

Namnet Innvik

Namnet er truleg opphavleg Vík eller Víkr. Seinare er truleg namnet Utvik danna, og deretter vart Innvik teke i bruk som motsetnad til Utvik. Namnet Innvik finst tilbake til omkring 1400.

Kart

Innvik
Innvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aaland, Jacob: Innvik – Stryn, 1932, 3 bind. (Nordfjord fraa gamle dagar til no, del 2: Dei einskilde bygder, b. 3)
  • Fett, Per: Innvik prestegjeld, 1960.
  • Innvik – Stryn, [2. utg.], 1973-1974.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg