Hopp til innhold
X
Innhald

Intersport Sogndal

I 2008 kjøpte Intress Sport AS, eigd av Reidar Dvergedal, Stig Nord og Eirik Bakke, sportsforretninga som til då hadde vore eigd av Coop. Då Sogn Samyrkelag i si tid starta forretninga var namnet Domus Sport, seinare vart den knytt til Intersport-kjeda.

Intersport Sogndal har i 2010 åtte fast tilsette (20 tilsette medrekna ekstrahjelp) og har ei omsetning på ca. 25 millionar kroner i året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016